# Maisie Peters Berlin Dato: #2026/03/20 Knagg: #melding/konsert #konsert Artist: [[Maisie Peters]] Lokasjon: Tyskland, [[Berlin]], [[Astra Kulturhaus]] [![Bilete av Maisie Peters Berlin|300](https://kulturhaeuser-production.s3.eu-central-1.amazonaws.com/uploads/artist/image/8077/medium_maisie-peters-berlin-500x332_CAA.jpg)](https://www.astra-berlin.de/events/2026-03-20-maisie-peters) ## Melding Endeleg fekk eg sett [[Maisie Peters]] ordentleg! Eg såg ho i Drammen i 2024, men då var ho sjuk og sang berre så vidt akustisk med mest synging frå salen. Denne gongen var det fullt show. Fleire av favorittane mine blei spelte. Lost the Breakup er den låta, av alle låtar, eg har høyrd mest av så det var gøy å endeleg høyre ho live. Nokre artistar, som til dømes [[Kaizes Orchestra]], er mykje betre live enn på scena. Det er ikkje like sant for [[Maisie Peters]]. Ho er ganske tru mot innspelingane sine, og det er ikkje veldig masse ekstragreiar. Likevel er eg strålande nøgd med denne konserten (som eg tross alt [[Berlin|reiste 48 timar med tog på ei helg for å sjå]]!). Eg gler meg til neste turné, som kan bli fullt dedikert til albumet som kjem i mai. ## Settliste - Love Him I Don't - Lost the Breakup - Place We Were Made - Audrey Hepburn - Say My Name In Your Sleep - Volcano - Vampire Time - *ikkje utgjeve enda* - You You You - John Hughes Movie - Two Weeks Ago - Yoko - History of Man - There It Goes - My Regards [Setlist.fm](https://www.setlist.fm/setlist/maisie-peters/2026/astra-berlin-germany-6b4a5aca.html) ## Oppvarmar Eg plar ikkje skrive om oppvarmarar, men [[Maisie Peters]] hadde ein god ein i Berlin i Essence Martins. Eg trur eg kjem til å lytte meir på ho. Dette er verdt å nemne for oppvarmaren for [[Maisie Peters]] i Drammen 2024 var [[Paris Paloma]]. Ho har eg lytta masse til i etterkant, og stoppa innom Køln for å sjå konsert med under [[Interrail 2024]]. For [[Paris Paloma]] i Køln varma [[Sarah Julia]] opp, som eg såg spele i Bergen seinast i fjor! Det er altså god tradisjon for at oppvarmarar av [[Maisie Peters]] leiar til mange nye å lytte til.