# Ein tankestraum om bruk av generativ KI #tankestraum Generativ KI, ja. Det er verkeleg overalt om dagen, dobbelt opp om du jobbar som utviklar. Trippelt opp om du driv med semantisk teknologi. ## I starten Eg har følgd med sida ChatGPT.com kom i slutten av 2022, fyrst fant eg nokre bruksområdar i arbeidsdagen kor det var nyttig. Men ofte tok det nesten lengre tid å nytte språkmodellen enn å leite opp svaret sjølv. Det var meir eit nytt leiketøy, men eg følte eg lukta at noko kokte på plata. Det tok ei stund før me fekk den skikkelege moglegheita til å nytte det på jobb, og eg hugsar enda det fyrste problemet som fekk meg til å sjå fleire moglegheiter. Me hadde ei søkealgoritme i dataplattforma vår som me ikkje var nøgde med, me klarte ikkje å få han effektiv nok. Me var rett og slett ikkje flinke nok i bruk av rammeverket vårt og klarte ikkje å finne ut av det. Oppgåva blei ei stafettpinne for laget, alle var innom "gjer søket betre" og svei av ei veke kvar på å ikkje få det til. Etter ein [[Interrail 2023|lengre sumarferie]] kom eg tilbake oppkvikna og tenkte "no skal eg prøve på nytt". Eg hadde jo fått slappa av og tenkt på berre tog ei stund, det måtte hjelpe. Eg hadde planar om å berre prøve sjølv, men kom til å tenkje: > Kanskje det her er sånn generativ KI kan noko om? Og ja, den løyste problema våre med seks linjar kode. Vår førre, ueffektive, løysning blei båe meir elegant, lesbar, og ikkje minst meir effektiv. Det var nok til å imponere samtlege på laget som alle hadde prøvd seg på oppgåva. Her viste det seg at problemet *eigentleg* var at me ikkje visste om alle funksjonar i rammeverket, og om ein nytta to-tri til-då ukjente funksjonar i lag så blei problemet vårt løyst. Det var ingenting magisk, men språkmodellen hjalp oss å finne desse funksjonane me ikkje fant med tradisjonelle søk. Etter dette tok det tid før eg tenkte noko spesielt på generativ KI igjen. Eg fortsatte å nytte det til å hjelpe med småproblem. Leite etter nokre småfeil her. Søke opp ein funksjon der. Eg kunne fokusere litt meir på det større biletet. Språkmodellen kunne ta seg av å påpeike ting som ikkje følgde standardane våre, eller sjå plassar kor eg hadde skrevet ein dårleg if-setning. ## Oisann-punktet Til slutt blei jo òg båe arbeidsgjevar og kundar interesserte i dette (som du heilt sikkert veit). Eg fekk delta i eit tidleg program hjå ein kunde kor målet var å finne ut om generativ KI kunne ha noko nytte for utviklarane deira. Eg fant aldri noko som verkeleg revolusjonerte nokons arbeidsdag, men fleire småting endra seg likevel. Gjennom dette programmet fekk eg tilgong til eit verktøy for agentisk koding[^1]. Omtrent samtidig gav arbeidsgjevaren min meg i oppgåve å starte eit bibliotek. Me hadde masse faglitteratur som låg i ei bokhylle. Det mangla system, ingen hadde ein gong skrevet ned kva bøker som faktisk var der. Eg var veldig glad for å få tittelen "bibliotekar", men grua meg til å gå gjennom alle desse bøkene, slå opp kva dei handla om, og så skrive ned så mykje nyttig informasjon om dei som mogleg. > Kanskje det her verktøyet for agentisk koding kan lage ein app for meg? Eg ynskja å skrive inn ISBN-en til ei og ei bok, få henta informasjon om boka frå diverse databasar på nett, og så sende det avgarde til ein intern kommunikasjonskanal kor folk kunne lese om boka. Ikkje noko valdsamt vanskeleg prosjekt, men eg hadde jo fort brukt ein dag eller to på å få det satt opp ordentleg sjølv på sida av dei andre arbeidsoppgåvane eg hadde. Eg overdriv ikkje når eg seiar at eg hadde ein fungerande app på tyve minutt. Den kunne til og med lese ISBN-koden via kameraet på mobilen slik at eg slapp å skrive han inn sjølv. Det hadde skjedd store ting med språkmodellane sida eg fyrst byrja å nytte dei. Der der før berre kunne hjelpe meg med spesifikke og avgrensa problem, kunne dei no lage eit heilt program ut frå enkle skildringar og tankar frå meg. Oisann, kva er jobben min i framtida?.. ## I dag No er arbeidsdagen min verkeleg annleis enn før. På godt og på vondt. Eg har fått behalde den delen av jobben eg likar best, som er å løyse problem. Eg skildrar oppgåvar og løysningar, og så let eg ein språkmodell tek seg av det meste andre. Eg testar og undersøkar programma som blir laga, og eg lagar rammeverk for å oppretthalde kvaliteten. Eg slepp å bli irritert over å leite etter dårleg syntaks eller manglande teiknsetting i (altfor) lang tid[^2]. Den største endringa er nok at eg til og med brukar eigne penger på språkmodellar no. Eg har endeleg fått til å fullføre fleire personlege prosjekt som eg tidlegare ikkje har hatt energi eller tid til å fullføre mellom alt anna som skal bli gjort i kvardagen. Blant anna har [rullen.no](https://rullen.no) blitt laga i lag med ein språkmodell. Eg har lærd meg korleis eg kan nytte europeiske skyleverandørar for å levere kode som følgjar ActivityPub-standarden utan å måtte sette av fleire vekar med fritid. ## Motvekta På jobb har eg blitt den som lærar andre å nytte språkmodellar i arbeidskvardagen, samtidig som eg advarar mot å lene seg for tungt på det. Eg er han som argumentar mot å putte KI inn i alt berre fordi det verkar magisk. Eg ber folk heller satse på kvalitetssikra løysningar som faktisk er forutsigbare. Heime møter eg meg sjølv i døra når eg på personlege prosjekt let språkmodellen ta meir av kontrollen. Haipen må absolutt kjempast mot. Generativ KI. Språkmodell. Agentisk koding. Dette er verktøy. Dei har endra seg stort over relativt kort tid, og eg meinar dei er her for å bli. Samtidig ventar eg på at bobla skal sprekke. Eg hatar at statens pensjonsfond investerar tungt i det, og eg taklar ikkje alle "gründerene" på LinkedIn som no berre selgjar skitt dei har laga med chatgpt.com til folk som klappar og smilar. Eg har ikkje noko snappy slutt til denne tankestraumen her, som jo og er litt av poenget med konseptet tankestraum. Eg likar at generativ KI let meg gjere meir av den jobben eg sjølv likar å gjere. Eg likar at språkmodellar hjelper meg med å realisere private prosjekt eg har drøymd om i lengre tid. Eg likar at verktøy for agentisk koding gjer det mogleg for fleire å lage sine eigne verktøy. Men me kan gjerne, om eg får be, fokusere litt meir på problem og metode enn arbeidsverktøy. Det er litt nok no med konferansar kor alle føredraga har "AI" i tittelen. ![Bilete av Markus som om han var på skjermen til ein GameBoy. Grønt og pikselert|100](https://msge.no/markus.png) *Ein tankestraum signert av Markus*. [^1]: Eit verktøy som nyttar generativ KI for å skrive kode med mindre tilbakemelding frå brukar. [^2]: Eg blir så klart irritert av andre ting no, men...