# Årskavalkaden 2025
#årskavalkaden
Her er ei oversikt av korleis året 2025 var for [[Om meg|meg]]. Eg har samla opp diverse kjeldar som let meg føre statistikk.
## Reiser

I 2025 reiste eg 11 710 kilometer med tog, det brukte eg 154 timar på å få til. Dette inkluderar nokre lokale metrobanar som T-banen i Oslo og S-bahn i Tyskland og Danmark
Eg tok tok i 9 forskjellege land. Det nordlegaste eg kom var Bergen (kor eg bur), det var forøvrig òg det mest vestlege eg kom med tog i 2025. Wien var så langt aust eg kom, mens Milano var mitt mest sydlegaste stopp. Forvørig var togturen min frå Milano til Wien det lengste togstrekket eg tok. Det var 850 kilometer langt og tok meg 11 timar gjennom kvelden, natta, og morgonen.
Den høgaste stasjonen eg vitja var Jungfraujoch i Sveits, den låg 3 481 meter over havet på ein fjelltopp. Den lågaste stasjonen låg 1 meter under havnivået i Danmark, nemleg Ørestad. Dette var berre 2 stasjonar av dei 81 eg vitja i 2025, Oslo S fekk stoppa eg oftast innom. Heile 12 gongar var eg der..
Gjennom 2025 blei det 6 netter på tog, noko som eigentleg er litt lite for meg. Eg fekk òg nytta 21 forskjellege togselskap gjennom året.
All denne informasjonen fekk eg frå å nytte [viaduct..world](https://viaduct.world) gjennom året.
## Musikk
### Lytting
![[lastfm-mvrkws-report-summary-2025.png|300]]
I 2025 bytta eg frå Spotify til [Qobuz](https://www.qobuz.com/). Qobuz gjev meir pengar til artistane sine og driv ikkje tung med KI-musikk og reklame for ICE. Det blei eit enkelt val sjølv om eg mista Spotify Wrapped.
Heldigvis har eg nytta [last.fm](https//last.fm) i mange år, og deira rapportering er veldig nøyaktig.
I 2025 var [[Maisie Peters]] den eg lytta mest til, med [[Synne Sørgjerd]] og [[Sabrina Carpenter]] ikkje langt bak. [[Synne Sørgjerd]] hadde båe det albumet og den låta eg lytta til mest i 2025. [[Jeg går ned med dette skipet]] og låta [[Sjalu]] frå same album.
Eg lytta til eit verk 3 776 gongar i løpet av året. 804 forskjellege låtar på tvers av 369 album og 197 artistar. I snitt lytta eg til 10 verk om dagen.
### Konserter
Om eg har talt opp riktig var eg på heile 7 konsertar gjennom 2025. Eg starta med Zupermaria på USF Verftet (Bergen) i februar, og avslutta med Kaizers Orchestra på Royal Arena (København) i september.
Mellom der rakk eg òg å sjå Bruce Springsteen på San Siro (Milano), Kaizers Orchestra på Koengen (Bergen), Ed Sheeran på Ullevål (Oslo), Sarah Julia på Lille Ole Bull (Bergen), og Kaizers Orchestra på Ole Bull (Bergen).
## Bøker
![[_publish/Bøker/Lesing/2025/signal-2025-12-31-22-16-09-630.jpg|250]]
181 bøker rakk eg å lese gjennom 2025. Det er om lag 3 og ein halv i veka. Eg las aller mest i august, då blei det 4 284 sidar og 23 bøker.
Eg las 121 forfattare eg ikkje har lese før, og 62 av bøkene var ein del av ein eller anna serie.
Rett over 110 av bøkene eg las var på norsk, og 62 på engelsk. Eg fekk òg med meg 5 bøker på dansk (hovudsakeleg av [[Solvej Balle]]) og faktisk ei barnebok på tysk. Den på tysk måtte eg ha ein del hjelp for å kome meg gjennom
107 av bøkene eg las var av kvinneleg-presenterande forfattarar.
Eg las 13 bøker om #DoctorWho.
Du kan få fleire lenkjer og litt anna statistikk på [[00 - 2025|notatet mitt om lesing i 2025]].