# *Mamma er død*
#bok/utgjeving
*«Mamma er død»* er ei rå samling av dikt skrevet av Markus Maarnes-Gjærde den fyrste måneden etter mora hans døydde 19. juli 2024.
Planlagt utgjeve av [[berre skvip]] 12. desember 2025.
Les vidare for innleiinga av boka.
![[omslag_1760360724889.png]]
---
## *Mamma er død*
Det var fredag. Eg hadde fri. Ferie, faktisk. Likevel var eg vaken nokså tidleg. Om lag klokka ni var eg ute av senga. Mi trulova hadde ein litt vel livleg draum som endte i at ho sparka meg i ryggen i søvne. Eg stod opp. Eg gjekk på badet. Eg tok medisin for urinsyregikt. Eg gjekk på do. Eg pussa tennene. Eg las i ei bok på mobilen som eg starta på dagen før. Eg såg pappa ringja. Eg lot han ringja ut. Eg skulle ringja opp då eg var ferdig å pussa tennene. Eg las vidare. Pappa ringde opp att. Pappa ringjer aldri opp att. Pappa ringjer ikkje halv ti på morgonen. På ein fredag. Når me båe er på ferie. Eg svarar telefonen. Tannkost i kjeften.
*‘Hallo?’*
*‘Markus…’*
Pappa grin. Eg kan høyra det. Pappa grin ikkje slik. Nesten aldri. Sjølv ikkje i farmor og farfar sine gravferder. Pappa blir trist. Pappa blir røyrd. Pappa blir følsom. Men pappa grin ikkje slik.
*‘Eg må seia noko trist.’*
Tankane mine går i tusen. Klokka er halv ti. På ein fredag. Mamma og pappa reiser med hunden. Er hunden død? Pappa er glad i hunden. Er det dét som har skjedd? Ver så snill, tenkte eg. La hunden vera død.
*‘Mamma er død.’*