# Bøker lese i august, 2025
#bok/lest/2025
August var ei valdsam lesemåned. Berre januar hadde fleire leste bøker (44), men august slo alikevel til med flest sidar lese på ein måned sida eg byrja å lese skikkeleg.
Det blei ein god del teikneseriebøker denne måneden. Mange har eg hatt i kikkerten i fleire år, men ikkje prioritert å lese før no.
## Favorittar
[[Med hodet i skyene]] var ei utruleg trist teikneserie om demens frå pasientent sitt perspektiv. Lettlest og fin, og kjem til å sitte i meg ei stund til.
To andre fine teikneseriar var dei norske [[Bow and Arrow]] og [[Jenter]]. Fyrstnemnte ei reisedagbok frå studier i England, og den siste ei historie om ung kjærleik og venskap. To fine forteljingar med passande strekar.
Eg har høyrd om [[Haruki Murakami]] lenge, men unngått å plukke han opp då bøkene er så lange. [[Desire]] er dog ei kort samling av novellar, og det gav meg absolutt meirsmak! Novella som gav eit motsett syn på [[Kafka]]s "Metamorfose" var spesielt gøy.
Fytti, for ei diktsamling [[Jeg har ikke lov til å snakke om dette]] var. Den traff hardt frå starten, og slapp aldri taket. Det er langt mellom slike diktsamlingar for min del. Anbefalast på det sterkaste.
## Alle bøkene
- [[Han, solo]]
- *Starta på denne 29. juli*
- [[Ruby baby]]
- [[Med hodet i skyene]]
- [[Dungeons and Drama]]
- [[Nørd]]
- [[Bow and Arrow]]
- [[Varmere, nærere, åpnere, breiere]]
- [[Tiltale]]
- [[Reasons to Stay Alive]]
- [[Desire]]
- [[Mordet på Michelsen]]
- [[Blindsone]]
- [[Sunday]]
- [[Jeg har ikke lov til å snakke om dette]]
- [[Finne ly]]
- [[Evelyns innboks]]
- [[Kjøt]]
- [[Jakten på evighetsmaskinen]]
- [[Skrotnissens hemmelighet]]
- [[Fenrisulven]]
- [[Jenter]]
- [[Reisen til Jotundalen]]
- [[Tarjei, 13 år]]
I tillegg starta eg på [[The Baby Dragon Café]] og [[Ferdaminne frå sumaren 1860]].
## Statistikk
Her er noko generert statistikk frå Storygraph. Du kan [følgje meg på brukaren mvrkws](https://app.thestorygraph.com/profile/mvrkws).
### Samendrag
![[signal-2025-09-01-07-47-55-034.jpg]]
## Omslag
![[signal-2025-09-01-07-48-32-688.jpg]]