# Lesing i juni, 2025 #bok/lest/2025 I juni gifta eg meg og dro på bryllaupsreise. Difor har lesing tatt eit baksete til andre greiar i livet. Difor er eg litt overraska når eg ser oppsummeringav lesemåneden juni. ## Favorittar [[Dørene lukkes]] las me, på mitt ynskje, i boksirkelen på jobb. Eg likte boka veldig godt. Måten hovudfiguren blei skildra på var litt for gjenkjenneleg til tidar. [[I Want to Die but I Still Want to Eat Tteokbokki]] var ein fin oppfølgjar til [[I Want to Die but I Want to Eat Tteokbokki]]. Det var ikkje berre meir av det same, men du fekk sjå utviklinga til forfattaren frå førre gong. [[Sytten, snart atten]] var veldig sterk. Denne venta eg så lenge på frå biblioteket at eg har gløymd kvifor eg originalt hadde lust på ho. Eit innblikk i korleis nokre blir i dei forhalda dei trur dei forten. [[really good, actually]] overraska meg! Denne valte eg berre fordi [[Maisie Peters]] las den under den førre turneen hennar. Det verkar som ein typisk romansebok, men den er ikkje det. Den har ein del av kjennetrekka, men er eit friskt pust. Eg har fått ein ny serie å lese på grunna [[Legends & Lattes]]. Denne fekk eg anbefalt i boksirkelen min, men fekk ikkje lese den før eg reiste på bryllaupsreise. Gøy, koseleg, og fin! Sjølve konflikten kunne vore litt gøyare, men det var uansett kafeen som var det hyggelege. Dette blei forøvrig bok 100 lest i 2025! ## Alle bøkene - [[The Bookshop on the Shore]] - Denne byrja eg å lese 20. mai - [[Dørene lukkes]] - [[Inntrenger]] - [[I Want to Die but I Still Want to Eat Tteokbokki]] - [[Sytten, snart atten]] - [[35 kilo med håp]] - [[Det er dager]] - [[really good, actually]] - [[Sommer]] - Denne byrja eg å lese 16. mai - [[Fear Death by Water]] - [[Legends & Lattes]] I tillegg starta eg på [[Bookshops & Bonedust]]. ## Statistikk Her er noko generert statistikk frå Storygraph. Du kan [følgje meg på brukaren mvrkws](https://app.thestorygraph.com/profile/mvrkws). ### Samendrag ![[signal-2025-07-01-08-41-05-027.jpg]] ### Omslag ![[signal-2025-07-01-08-41-53-757.jpg]]