# Lesing i mai, 2025
#bok/lest/2025
Eg har lust å seia at eg las litt lite i mai, men det er ikkje heilt sant. Eg starta med å lese veldig mykje, men så sleit eg ein del med helsa som gjorde at eg ikkje orka å lese så mykje om gongen mot slutten.
Eg endte opp med å lese 12 bøker og 2830 sider. Fint antal bøker, men under snitt med sidar då eg plar ha omlag 100 sidar per dag.
## Favorittar
[[Gissel]] og [[Lighter Than My Shadow]] var to gode teikneserieromanar med sterk tematikk. Båe basert på ekte opplevingar som gjorde dei ekstra sterke.
Ein ting eg sliter med når eg les bøker frå Japan (eller andre land med annleis kultur enn eg er vant til) er å forstå konteksten rundt koss folk oppførar seg. [[Pachinko-kulene]] er skrevet av ein europear, og i historia besøker ein liknande person sine koreanske besteforeldre i Japan. Forfattaren klarar dermed å skildre kulturen i båe Japan og Korea frå eit europeisk perspektiv som eg ikkje har kunne satt pris på før.
[[Så lett, så sterk, så øm - Feminisme i norsk poesi]] er ei av dei betre redaktørsatte diktsamlingane eg har lese. Mange dikt frå mange forskjellege skribentar i mange forskjellege år og situasjonar. Denne kan eg anbefale dei fleste.
[[I want to die but I want to eat tteokbokki]] overraska meg. Her er me tilbake til å ikkje heilt forstå konteksten av den koreanske kulturen som ligg bak alt, men det er så rått og ekte. Eg fekk tak i [[I Want to Die but I Still Want to Eat Tteokbokki|oppfølgjaren]] same dag den kom til Noreg, kanskje den havnar på lista for [[06 - Juni|juni]].
[[Eplet, nesten]] vil eg nevne berre fordi eg las den i boksirkelen eg organiserar på jobb. Det blei litt bom for dei fleste, men me hadde aldri lese dikt i lag før. Det var ei gøy oppleving.
## Statistikk
Her er noko generert statistikk frå Storygraph. Du kan [følgje meg på brukaren mvrkws](https://app.thestorygraph.com/profile/mvrkws).
### Samendrag
![[signal-2025-06-01-10-07-16-713.png]]
### Omslag
![[signal-2025-06-01-10-07-49-500.png]]
## Alle bøkene
- [[Great Big Beautiful Life]]
- Denne byrja eg å lese 25. april
- [[Pyongyang - En tegnet og meget begrenset reise i Nord Korea]]
- [[Gissel]]
- [[Pachinko-kulene]]
- [[Eplet, nesten]]
- [[Lighter Than My Shadow]]
- [[Haiku 1999]]
- [[Så lett, så sterk, så øm - Feminisme i norsk poesi]]
- [[Norsk kjærleik]]
- [[Gater jeg har levd]]
- [[I want to die but I want to eat tteokbokki]]
- [[The Cat Who Saved Books]]
I tillegg starta eg på [[The Bookshop on the Shore]].