# Lesing i november, 2025
#bok/lest/2025
November har vore i teikneserien og [[Doctor Who]] sine teikn. Eg har vore ein del sjuk, så det har blitt ein del ekstra lesing. Diverre, sjølv om eg har lese masse har det ikkje vore nokre verkeleg store favorittar denne måneden.
To av mine favorittar var dei biografiske teikneseriane [[I'm So Glad We Had This Time Together]] og [[Ugress]]. To historiar om vonde barndomar i heilt forskjellege kontekster.
[[I'm So Glad We Had This Time Together]] visar livet til ein som veks opp som veldig annleis i si eiga familie, og sliter med å finne andre som seg sjølv. Men sjølv når han endeleg finner seg sjølv og likesinnede så er det ikkje enkelt. Historia er skrevet og teikna av hovudpersonen. Det er gøy å sjå teiknaren tolke seg sjølv gjennom livet.
[[Ugress]] er fortalt frå ein teikneserieskapar som intervjuar ei eldre bestemor på eit eldreheim om hennar oppvekst. Ho var ung under andre verdskrig i Korea, og blei undertrykka av det japanske militæret frå ung alder. Ingenting har gått bra i livet hennar i følgje henne sjølv.
Romanen som eg vil skrive om er [[Intermezzo]]. Den brukte eg ei stund på å få ferdig. Forhalda mellom personane her er veldig fine. Me får følgje fleire av personane i deira perspektiv, og dei er veldig tydelege figurar.
## Favorittar
+ [[I'm So Glad We Had This Time Together]]
+ [[Intermezzo]]
+ [[Ugress]]
## Alle bøkene
- [[Skyggene]]
- [[Bloom]]
- [[I'm So Glad We Had This Time Together]]
- [[Intermezzo]]
- Byrja lese 24. oktober
- [[Impulskontroll]]
- [[Completely Kafka]]
- [[NAV]]
- [[3mm BLEED]]
- [[Krampe]]
- [[Florrie]]
- [[Duften av furu]]
- [[Roaming]]
- [[Spectral Scream]]
- [[The Moon Cruise]]
- [[The Secret in Vault 13]]
- [[Ugress]]
## Statistikk
Her er noko generert statistikk frå Storygraph. Du kan [følgje meg på brukaren mvrkws](https://app.thestorygraph.com/profile/mvrkws).
### Samendrag
![[signal-2025-11-30-14-20-01-317.jpg]]
### Omslag
![[signal-2025-11-30-14-20-47-133.jpg]]