<head> <meta name="fediverse:creator" content="@[email protected]"></meta> </head> # Bøker lese i september, 2025 #bok/lest/2025 September blei nok ein måned med masse lesing. Det meste kom frå teikneserieverda. Eg har lenge tenkt å lese seriane til [[Odin Helgheim]] og [[Malin Falch]], og no fekk eg det plutseleg over meg. [[Nordlys]] var ein veldig bra serie, og eg gler meg til neste bok i rekka. To av mine favorittforfattarar kom ut med nye bøker i september. Båe blei, ikkje overraskande, blant favorittane for måneden. Men [[The No-Show]] overraska meg. Det såg ut som ein typisk romantisk komedie. Ei bok eg har lese mange gongar før. Men den var forfriskande i måten den blei fortalt på, og korleis figurane fekk leve liva sine. Eg las ho ut på få dagar mens eg var på togtur ([[København]]), og såg lite ut av vindauget. [[Solvej Balle]] kom ut med [[Om udregning af rumfang VI]], og eg skulle tilfeldigvis til København samtidig. Eg gjekk glipp av eit intervju ho gjorde der (mens eg var i byen!!), men eg fekk handla ei av dei signerte eksemplarane ho la frå seg. [[Om udregning af rumfang]] er min favorittserie, så det var stor fallhøgde etter å ha venta halvanna år sida eg las førre bok... Det blei meir enn innfridd! No er det berre ei bok att, og eg gler meg skikkeleg. Mens eg var i København handla eg òg [[Ifølge loven]] av [[Solvej Balle]]. Ei sterk novellesamling. Det er nok [[Solvej Balle|Balles]] beste etter favoritten. [[Jon Fosse]] kom med sin fyrste roman etter han vann nobelprisen i litteratur! [[Vaim]] er den fyrste boka i trilogien [[Vaim-sogene]]. Eg var spant på kva slags bok [[Jon Fosse|Fosse]] skulle koma med no, spesielt etter eg har oppdaga at eg ikkje er så glad i hans eldre bøker. Med [[Vaim]] fortsett han i moderne stil, men det er alikevel annleis. Dette er ikkje ei historie eg hadde sett for meg skulle koma frå [[Jon Fosse]]. Ei bra vidsreføring av forfattarskapet etter meisterverket [[_publish/Bøker/Meldingar/Arkiv/Septologien|Septologien]]. ## Favorittar - [[The No-Show]] - [[Om udregning af rumfang VI]] - [[Ifølge loven]] - [[Vaim]] ## Alle bøkene - [[Fimbulvinter]] - [[Tordenguden]] - [[Yggdrasil]] - [[Loke]] - [[Valhall]] - [[The Baby Dragon Cafe]] - *Byrja på denne 29. august* - [[The No-Show]] - [[Om udregning af rumfang VI]] - [[Ifølge loven]] - [[The Old Man and the Sea]] - [[Vaim]] - [[Drømmen]] - [[Vikingene og orakelet]] - [[Dating and Dragons]] - [[Kråkesøstrene]] - [[Trollriket]] - [[Portaltreet - Første del]] - [[Portaltreet - Andre del]] - [[Harukkas ønske]] - [[Katteguden Frøya - en historie fra Ragnarok]] - [[Bjørnar - en historie fra Nordlys]] I tillegg byrja eg på [[Half of a Yellow Sun]] 26. september. ## Statistikk Her er noko generert statistikk frå Storygraph. Du kan [følgje meg på brukaren mvrkws](https://app.thestorygraph.com/profile/mvrkws). ### Samendrag ![[signal-2025-10-01-06-50-33-213.jpg]] ### Omslag ![[signal-2025-10-01-06-51-12-218.jpg]]