# Bøker lese i januar, 2026
#bok/lest/2026
Januar er tydeleg merka av jol og bursdag [[12 - Desember|førre desember]]. Eg har hatt nok å lese i!
Ein favoritt som kom veldig tidleg var [[Doggerland]]. Eg har verkeleg fått sansen for [[Agnes Ravatn]] (så pass at eg stemte for ho i jobbens boksirkel ([[Operasjon sjølvdisiplin]])). Ho skildrar figurar og situasjonar på ein fantastisk måte. [[Doggerland]] tok meg på ein tur eg ikkje visste eg skulle på. Sjølv om boka aldri er direkte overraskande, så var eg aldri klar over retninga boka tok før kort tid før det skjedde. Fantastisk bok, anbefalast alle.
Eg har prøvd å lese ein del [[Han Kang]] etter ho vann Nobelprisen i 2024. Alt har ikkje truffet like bra, men [[Fire fortellinger]] var ei av dei betre. Her opplevar eg at du får [[Han Kang]] i korte og direkte slag, les du denne boka så får du litt grep på kven ho er som forfattar.
Eg hadde ikkje lese noko av [[Kathrine Nedrejord]] før [[Forvandlinga]]. Denne handla eg litt på impuls før jol, men eg var aldri heilt i humør til å lese ho før no. For ei utruleg sterk bok. K. som hovudfigur er fantastisk sårbar og ærleg. Det er ei vond historie å lese, med forferdeleg tematikk. Eg er glad eg las ho, eg hadde ikkje blitt overraska over om eg enda tenkjer på denne ved årets slutt.
Den siste boka eg vil trekke fram er [[Project Hail Mary]]. Denne har eg unngått ei lita stund då eg ikkje likte så godt Artemis av [[Andy Weir]]. Eg lurte på om The Martian var den eine gode boka han hadde i seg. Så feil kan ein ta! Utruleg morosam og oppfinnsam. Eg vil ikkje kalle dette stor litteratur, og eg trur nok The Martian er ein del betre enn denne, men [[Andy Weir]] kan å halde ei tone. Det var regelrett vanskeleg å leggje denne boka frå seg, eg ville berre lese og lese.
## Favorittar
- [[Doggerland]]
- [[Fire fortellinger]]
- [[Forvandlinga]]
- [[Project Hail Mary]]
## Alle bøkene
- [[Shirley Jackson and the Chaos Box]]
- [[Doggerland]]
- [[Fire fortellinger]]
- [[The Legends of River Song]]
- [[Operasjon sjølvdisiplin]]
- [[Forvandlinga]]
- [[Project Hail Mary]]
- [[Bare si ja]]
- [[Costumes for Time Travellers]]
- [[The Adventures Before]]
## Statistikk
Her er noko generert statistikk frå Storygraph. Du kan [følgje meg på brukaren mvrkws](https://app.thestorygraph.com/profile/mvrkws).
### Samendrag
![[signal-2026-02-01-09-45-57-512.jpg]]
### Omslag
![[signal-2026-02-01-09-46-36-871.jpg]]