# Bøker lese i mars, 2026 #bok/lest/2026 Det blei ein veldig treig lesemåned for meg. Fyrste sida 2023 kor eg gjekk fleire dagar i strekk til tidar utan å lese. Det skyldast andre tidskrevende hobbyar samtidig som eg har vore berre trøytt ein del. Samtidig, sjølv om eg las lite, har eg truffet ganske bra. Eg las [[Rosa Luxemburg - en biografi]] for boksirkelen eg driftar, ho gav eit spanande innblikk på historie eg ikkje har tenkt noko særleg på sida skula. Ein del var kanskje litt vel kjent frå notida. Den tredje boka til [[Travis Baldree]] var ikkje noko stor litteratur, men [[Brigands & Breadknives]] var morosam og underhaldande. Den går ei anna retning enn dei andre bøkene i serien, og det som starta som "berre" ein koseleg fantasy har blitt til eit breidt univers. Når eg var på togtur til [[Berlin]] så hadde eg ein pause i København. Der gjekk eg innom min faste bokhandel og såg at [[Han Kang]] hadde utgjeve noko nytt (på engelsk) berre veka før. [[Light and Thread]] er ei flott bok med nobelføredraget hennar samt andre sakprosatekstar ho har skrevet. Eg blei spesielt glad i hennar hagedagbok. ## Favorittar - [[Rosa Luxemburg - en biografi]] - [[Brigands & Breadknives]] - [[Light and Thread]] ## Alle bøkene - [[Kibō volum 1]] - [[The Adventures Before]] - Starta 22. februar - [[Rosa Luxemburg - en biografi]] - [[Brigands & Breadknives]] - [[Light and Thread]] ## Statistikk Her er noko generert statistikk frå Storygraph. Du kan [følgje meg på brukaren mvrkws](https://app.thestorygraph.com/profile/mvrkws). ### Samendrag ![[signal-2026-04-01-08-34-17-829.jpg]] ### Omslag ![[signal-2026-04-01-08-34-46-570.jpg]]