# Om meg ![Markus ser ut vindauget av eit tog. Toget ser gamalt ut. Markus smilar bredt|150](5f3559598c7cc3fb.jpg) Eg er Markus. Du kjenner meg kanskje frå <a href="https://skvip.lol/@markus" rel="me">mastodon</a> kor eg skriv korte tekstar som <a href="https://skvip.lol/@markus" rel="me">@[email protected]</a>. Eg har skreve tri bøker som er blitt gjeve ut av forlag. Serien heiter [[Udugelege heltar]] og handlar om tri heltar som er... vel, udugelege. Tittelen skildrar det ganske kort og greitt. Eg skriv enda, men no til dags går det mest i dikt og anna type kortprosa. Til dagleg jobbar eg som lagleiar hjå eit konsulentfirma. Det tydar at firmaer betalar pengar til mitt firma som betalar penger til meg for å styre oppgåvane og kommunikasjonen til eit lag. *Det* tydar at eg sørgar for at folk har ting å gjere og at dei har det dei treng for å kunne gjere dei tinga. Eg er veldig glad i å [[Reisar|reise]], og då aller helst med tog. Eg unngår å fly med mindre det er "naudsynt"[sitering trengs]. Håpet mitt er at eg her, på Markus+, skal skildre mine reisar med tog rundt omkring i Europa. Min største hobby for tida er lesing. Eg les i underkant av 100 sidar til dagen med romanar, novellar, dikt, teikneseriar, skodespel, og kva enn eg kan få fatt i som er bunda inn og tilkobla ein ISBN. Eg lurar litt på om eg skal kartleggje det eg les her i tankehavet mitt, men har ikkje bestemt meg. Følg meg gjerne på <a href="https://skvip.lol/@markus" rel="me">mastodon</a> om du ynskjer.