# Consider Yourself Kissed
Dato: #2025/10/24
Knagg: #melding/bok
Forfattar: [[Jessica Stanley]]
[](https://bookwyrm.social/book/2132801/s/consider-yourself-kissed)
## Kort skildring
Me følgjar Coralie gjennom 10 av dei vanskelegste åra i livet sitt. Gjennom Brexit, Covid-19, kreft, samlivsproblem, og meir.
## Melding
For ei bok. Så sterk. For ein stemme. Så trist, og så god. Denne kjem eg til å tenkje på lenge.
Åra er meisterleg navigert. Det er sjeldan eg les ei bok satt over fleire år, kor boka henger så godt i samen som her. Figurane endrar seg slik dei burde over åra, samtidig som dei er seg sjølve. Det er som om eg har levd eit liv i lag med dei.