# Datingdagboken
Dato: #2026/08/28
Knagg: #melding/bok
Forfattar: [[Victoria Larsen Stø]]
[](https://bookwyrm.social/book/2360030)
## Melding
Denne hadde eg aldri høyrd om før eg såg ho satt opp som 10-dagers lån på biblioteket. Det som interesserte meg var det norske forfattarnamnet, elles hadde nok omslaget fått meg til å gå vidare.
Men [[Victoria Larsen Stø]] har skrevet ei godt dugeleg romantisk komedie! Dette minnar om [[Emily Henry]] berre på norsk, i Noreg, med ei verd som kjens litt nærare mi eiga som følgje. Den har så klart alle tropar og slikt ein kan tenkje seg, men det er no litt av poenget med sjangeren.
Eg kosa meg veldig med denne, og kjem til å halde eit auge etter [[Victoria Larsen Stø]] si neste bok.