# Septologien Dato: #2024/01/27 Knagg: #melding/bok Forfattar: [[Jon Fosse]] [![Omslag til Septologien|100](https://bookwyrm-social.sfo3.digitaloceanspaces.com/images/covers/b637a1dd-0590-4775-8696-fdbc8f97f9a4.jpeg)](https://bookwyrm.social/book/1510472/s/septologien) ## Kort skildring ## Melding Tankevekkjande og fin. Har sjeldan kjent så store kjenslar av så små ord. Eg trur eg er fan av [[Jon Fosse]]. ### Dagbok Mens eg las denne boka skreiv eg om den i dagbokform. #### #2024/01/02 (Inkluderar óg lesing frå #2024/01/01) Er som å lese tankar. Ei evig tankestraum. Det tek tid å sette seg inn i. Det er óg lett å få eigne tankar, og så må eg aktivt få dei vekk for å kunne fokusere på bokas tankar. Det er overraskande interessant. Har kome 36 sidar ut i boka no, masse att. Det er enda ikkje noko klart kva historia er, eller om det i det heile fins ei tradisjonell historie her. #### #2024/01/03 Byrjar å bli lettere å lese. Forventa ikkje ei sexscene på ein leikeplass. Følar eg byrjar å kjenne når ei "historie" er slutt, så det passar med pause. I dag er fyrste dagen kor eg hadde lust å lese vidare fyrste gong eg tenkte "skal eg stoppe no?" #### #2024/01/04 Blir enklare og enklare å lese. Er verkeleg inne i historia no. Eg føler at eg verkeleg nyt boka no. Eg las ein god del i dag mens eg laga mat, og sjølv etter me åt middag. Tankane til Asle blir mine eigne. #### #2024/01/05 For trøtt til å lese mykje i dag. Egenleg lett lest enda, sjølv om eg var trøtt. #### #2024/01/06 Overraska over kor lett det er å kome tilbake i historia. Leste veldig lite i dag. Helg. #### #2024/01/07 Litt rolegare del av boka. Vanskeleg å følgje med når eg har mang andre tankar i hovudet. #### #2024/01/09 Gløymde visst notat i går. Boka er ganske spanande no. Endeleg er han Asle med, og til legevakta og greiar. Spanande å sjå koss dette blir. #### #2024/01/10 Herregud, i dag føyk det avgarde. Det er dagen eg har lest mest, og det føltes ikkje slik. Nærmar meg slutten av fyrste kapittel / bok. #### #2024/01/11 Leste ein del på morgonen, og ble ferdig med fyrste kapittel etter jobb. Er dei same Asle?? Verkar som om eg Asle såg han Asles liv i revy. Blir meir og meir spanande. #### #2024/01/12 Kapittel to! Lett start. Likt førre kapittel. Lettlest enda. #### #2024/01/13 Leste resten av kapittelet i dag. Over hundre sidar. Veldig lettlest. Masse spanande som skjer no som me får sjå fortida til Asle. Er spant på neste kapittel. #### #2024/01/14 Raste gjennom nesten to kapitlar i dag. Det er masse forskjelleg som skjer no. Mange historier som skjer. Eg er så inni verda til Asle no at det er null problem å følgje med. Det har blitt naturleg. #### #2024/01/16 Lang dag på jobb, så las berre litt før jobb. #### #2024/01/27 Veldig fin bok.