# The Eye of the Bedlam Bride Dato: #2026/07/22 Knagg: #melding/bok Forfattar: [[Matt Dinniman]] [![Omslag til The Eye of the Bedlam Bride|100](https://bookwyrm-social.sfo3.digitaloceanspaces.com/images/covers/c7f67de0-66d6-4c6c-956b-a35d84f617d6.jpeg)](https://bookwyrm.social/book/2340550) Sjette bok i [[_publish/Bøker/Meldingar/2026/06 - Juni/Dungeon Crawler Carl|Dungeon Crawler Carl]]-serien. ## Melding Denne starta litt treigt. Eg var ikkje så glad i konseptet for dette nivået. Det blei for likt Pokemon og andre kortspel, sjølv om dei gjorde narr av dette i boka sjølv. Men den kom seg på det større narrativet rundt galaksa og det større intergalaktiske samfunnet. Eg likar innsiktane me får i dei andre rundt i spelet, utanføre jorda, og spesielt i slutten når me ser kva som ventar på neste nivå. Det er det som er det sterke med bokserien. Der har [[Matt Dinniman]] bygd opp bra. Starta med det grunnleggjande, og sakte fått opp alt det rundt som no snart er til sitt rette.