# Vaim
Dato: #2025/09/18
Knagg: #melding/bok
Forfattar: [[Jon Fosse]]
[](https://bookwyrm.social/book/2093198/s/vaim)
Fyrste roman av [[Jon Fosse]] etter han vann nobelprisen!
Eksemplaret mitt er signert!
Fyrste bok i serien [[Vaim-sogene]].
## Kort skildring
Jatgeir, Elias, og Frank er tri eldre menn som alle er knytta til bygda Vaim. Fosse tek oss gjennom delar av liva til dei alle.
## Melding
[[Jon Fosse]] på nært sitt beste! Mogleg eg har fått ei ny bok å tilråde når folk spør kor dei burde byrja med [[Jon Fosse|Fosse]].
Boka fungerar fint sjølv om ein veit det skal kome to fleire bøker. Det er fossesk nok til at boka kan vera over sjølv om ho ikkje er det. Boka består av tri delar, og ærleg talt kunne kvar av desse delane ha vore kvar si forteljing.
Noko av det mest spanande med denne boka er alle dei nye namna. [[Jon Fosse|Fosse]] har ofte dei same namna på folk og stadar, mens her debuterar fleire namn på båe personar og stadar.