# Mission Impossible: The Final Reckoning
Dato: #2025/07/11
Knagg: #melding/film/kino

## Kort skildring
Ethan Hunt er enda på jakt etter KI-agenten som vil øydeleggje jorda. Er han klar for å ofre alt for dei han aldri har møtt?
## Melding
Den overraska meg! Eg var ikkje så glad i førre film, men denne leverte. Veldig bra action. Tom Cruise kan å sjå sårbar ut mens han gjer uforsiktige ting.
<details>
<summary>Røpevarsel: Mine tankar om slutten</summary>
Tykkjar slutten ikkje landa heilt, diverre. Spesielt synd sida det verkar til å vera siste i serien (iallfall med Ethan Hunt).
Det blei litt vinglete mellom ein tragisk slutt og ein feel-good slutt.
</details>
<details>
<summary>Røpevarsel: Mine tankar om bruk av KI som skurk</summary>
Herregud, så teit. Fytti. Eg er glad dei var flinke på action, for det tekniske var dritt. Har dei ikkje snakka med nokre IT-kyndige???
Klarar ikkje å sjå korleis planen deira for å stoppe KI-agenten skulle ha fungert.
</details>