# Doctor Who - Sesong 2 (2025)
#kritikk/fjernsyn #DoctorWho
Eg har eigentleg ikkje lust å kalle det sesong to, men det er no det BBC insisterar på.
Det har vore veldig opp og ned etter [[Russell T. Davies]] kom tilbake, men eg har likt masse av det. Den siste sesongen, med [[Belinda Chakra]] har vore spesielt gøy.
Eg tykkja finalen på to episodar var spanande, med masse oppbygging og snacks. Eg kan ikkje all den gamle historia til serien, men det er gøy å lese seg opp mellom episodar.
<details>
<summary>Røpevarsel</summary>
Det var gøy å sjå Jodie, sjølv om det hadde verka meir naturleg med David (sida han var sist) passa det betre med den førre "faktiske" Doktoren.
Eg er **særs** usikker på Billie Piper som den neste inkarnasjonen! Herlegheita, det er så mykje gamalt greiar som kjem tilbake. Dei to førre reinkarnasjonane var gimmickar. Ein til eit gamalt fjes (David Tennant), og ein med to personar (bi-inkarnasjon). Skal me ha ein tredje gimmick??
Billie stod ikkje som "the Doctor" i rulleteksten, så eg har sett folk spekulere om det tydar at ho er The Valeyard. Ein gamal skurk som det er påstått Doktoren blir til.
Kanskje det hadde vore gøy? Idk.
Eg saknar Ncuti allereie.
</details>
Eg gler meg til dei neste bøkene eg har på veg i posten mens eg skriv dette. Bøkene for den nye æraen av [[Doctor Who]] har vore skikkeleg gode.