# [[Psykodrama livepod - med Per Kjerstad og Ole C. Ertvaag]] [![Plakat|200](https://olebullhuset.no/img/asset/ZXZlbnRfaW1hZ2VzL2FycmFuZ2VtZW50c2JpbGRlci90aWNrZXRtYXN0ZXJfaW1wb3J0L3BzeWtvZHJhbWEtbGl2ZXBvZC1tZWQtcGVyLWtqZXJzdGFkLW9nLW9sZS1jLWVydHZhYWcuanBlZw/psykodrama-livepod-med-per-kjerstad-og-ole-c-ertvaag.jpeg?fm=webp&fit=crop&w=3840&h=0&s=a845442b8ec5b869eb151fdf4cc5339e)](https://olebullhuset.no/forestillinger/psykodrama-livepod-med-per-kjerstad-og-ole-c-ertvaag) ## Melding #melding/komedie Dette var meir morosamt enn eg hadde tenkt meg. Eg har berre sett fjernsynsserien med same namn, og aldri høyrd på podcasten. Per og Ole kan å underhalde eit publikum, og held koken gående i alle dei ~75 minutta det varte. Dei hadde med seg spesialgjest Kurt Nilsen som var underhaldande. Han kunne dele at han verken ville vera med på Idol eller World Idol, og at han trudde gitarhytta var eit av hans livs store botnpunkt.