# Tankehav Eit tankehav er nok det same som ein digital hage, berre at eg føretrekk namnet 'tankehav'. Det er noko som er stort, til tidar farleg, og i stor grad uutforska. I tankehavet mitt kan eg helle glas, bøtter, eller store basseng fulle av tankar utan å tenkje noko spesielt på kor dei havnar hen. Dei er i havet. Med det sagt så prøvar eg faktisk å tenkje *litt* på kor eg plassarar filane mine, om enn berre slik at dei skal kunne få ei fornuftig og delbar lenkje.