# Kartet over norske Mastodon-kontoar
#prosjekt/koding
Eg blei nysgjerrig på kor mange norske som eigentleg er på Mastodon. Så eg skreiv eit lite program, fedimap, som gjekk gjennom alle følgjarane mine, så følgjarane deira, og så eitt steg til. For kvar konto sjekka det om nokre av dei siste innlegga var merka som norsk, og så laga eg ein graf over kven som følgjar kven.
Eg fann 1 804 norske kontoar. Det er mange fleire enn eg trudde.

## Korleis eg gjorde det
1. Fyrst henta eg alle følgjarane mine på [@
[email protected]](https://skvip.lol/@markus).
2. For kvar følgjar las eg dei 40 siste innlegga og såg på språkmerket. Er minst eitt innlegg merka nb, nn eller no, tel kontoen som norsk.
3. Så henta eg følgjarane til alle dei norske følgjarane mine, og sjekka dei på same måte.
4. Til slutt gjekk eg eitt steg til ut: følgjarane til dei norske i steg to som hadde skrive noko siste året.
5. Så laga eg ein graf over kven som følgjar kven, og fann grupper av kontoar som følgjer dei same folka.
Alt går gjennom det opne Mastodon-API-et, utan innlogging. Programmet spør kvar server maks éin gong i sekundet, og hoppar over kontoar som har `#nobot` eller `#noindex` i profilen. Dei to fyrste stega tok om lag ti timar på min eigen server, og det tredje om lag tre timar til, mest fordi mastodon.social berre lèt meg spørje éin gong i sekundet.
## Kva eg fann
- **1 804 norske kontoar** på 126 serverar. 45 % av dei er på snabelen.no, og 63 serverar har berre éin norsk konto.
- **Det tredje steget fann lite nytt.** Programmet sjekka nesten 19 000 kontoar til, og fann berre 301 nye norske. Eg trur eg har funne det meste av mitt hjørne av norsk Mastodon.
- **To grupper som heng tett saman.** Snabelen-kjerna (910 kontoar) er den mest norske, der nesten alt som blir lagt ut er på norsk. Gruppa på tvers av serverar (892) er spreidd på mange serverar, og skriv meir på andre språk òg.
- **Nokre få kontoar ber nettverket.** Dei to største blir følgde av over ein tredel av alle eg fann.
- **Nynorsk er ein liten flokk.** 110 kontoar, 6 %, skriv mest på nynorsk.
Gruppene er funne med samfunnsdeteksjon (Louvain), køyrd 60 gongar. Eg har berre teke med det dei fleste køyringane var samde om. Med to steg fann eg tre grupper, men det tredje steget fekk to av dei til å gli saman. Grensene er mjuke, så sjå på dei som tendensar meir enn som leirar. Skiljet mellom Snabelen-kjerna og resten er det som held.
## Kor mange er aktive?
Mange av kontoane har vore stille lenge. Eg henta datoen for siste innlegg til alle dei 1 804:
| Siste innlegg | Kontoar | Del |
| ------------- | ------- | ---- |
| Siste månad | 398 | 22 % |
| Siste halvår | 561 | 31 % |
| Siste år | 682 | 38 % |
Det som overraska meg mest: Snabelen-kjerna har nesten sovna. Berre 78 av 910 har lagt ut noko siste månad. I gruppa på tvers av serverar er det 320 av 892. Mange kom hit i 2022 og 2023, og blei ikkje verande.

## Utforsk grafen sjølv
Grafen under er anonymisert: du ser prikkane, fargane og storleiken, men ikkje kven som er kven. Han finst òg med alle tala i tabellar på [msge.no/vis/fedimap](https://msge.no/vis/fedimap/).
<iframe src="https://msge.no/vis/fedimap/" width="100%" height="560" style="border:0;" loading="lazy" referrerpolicy="no-referrer-when-downgrade" title="Anonymisert graf over norske Mastodon-kontoar"></iframe>
## Spørsmål og svar
> [!question]- Kva tel som norsk?
>
> Språk, ikkje nasjonalitet. Har du skrive minst eitt innlegg på norsk i det siste, er du med. Det er språkmerket på innlegget som tel, så norske innlegg som er merka som engelsk, ser eg ikkje. Nordmenn som berre skriv engelsk, fell altså ut. Det same gjer dei som gløymer å byte språk i appen.
> [!question]- Har du fjerna dei som ikkje har posta på lenge?
>
> Nei, ikkje i hovudtalet. Programmet ser på dei 40 siste innlegga uansett kor gamle dei er. Difor henta eg òg datoen for siste innlegg, sjå tabellen over. Men det tredje steget gjekk berre ut frå dei som hadde skrive noko siste året.
> [!question]- Kvifor er ikkje eg med?
>
> Det kan vere fleire grunnar:
>
> - Du heng ikkje saman med meg innan tre steg.
> - Dei siste innlegga dine er ikkje merka som norsk.
> - Du har #nobot eller #noindex i profilen, eller har slått av at profilen kan bli indeksert.
> - Serveren din krev innlogging for å lese innlegg, eller var nede då eg køyrde.
> [!question]- Er andre tenester enn Mastodon med?
>
> Delvis. Eg har berre brukt Mastodon sitt API. Pleroma, Akkoma og Sharkey har same API, så nokre av dei kan ha kome med. GoToSocial krev innlogging, og vanleg Misskey har eit heilt anna API, så dei fell ut. Om lag 390 kontoar i dei to fyrste stega kravde innlogging.
> [!question]- Kva er klumpane i utkanten?
>
> Det er kontoar som berre følgjer éin og same konto i kartet. Då dreg grafen dei saman i ein klump. Den største klumpen er 46 kontoar.
> [!question]- Kvifor ser hubbane mindre ut enn før?
>
> Med to steg blei dei to største følgde av over 40 % av alle. No er det over ein tredel. Dei har ikkje mista nokon. Kontoane i det tredje steget kan ikkje følgje nokon av følgjarane mine, for då hadde dei kome med i steget før. Dei gjer berre fleire kontoar å dele på.
> [!question]- Kvifor seier du ikkje kven hubbane er?
>
> Fordi eg ikkje har spurt dei. Kontoane er opne og lèt seg søkje, men eg tykkjar det er noko anna å namngje dei som størst hubbar. Eg har sendt melding til nokre av dei.
> [!question]- Viser dette heile det norske Mastodon?
>
> Nei. Alt er funne via mine eigne følgjare. Norske grupper som ikkje heng saman med meg i det heile, er ikkje med. Ein stor norsk konto som ikkje følgjar meg, kan heller ikkje dukke opp som hub. Tala seier meir om mitt hjørne av Mastodon enn om heile det norske Mastodon. Men sidan det tredje steget fann så lite nytt, trur eg hjørnet er ganske godt dekt.
> [!question]- Vil du dele dataa?
>
> Ikkje lista over kontoar. Ho, og kven som følgjer kven, blir verande hjå meg. Den interaktive grafen over er anonymisert. Eg har spurt dei største hubbane om det er greitt at eg namngjev dei.
## Tråden på Mastodon
Eg delte dette på Mastodon fyrst, og mange av spørsmåla over kom derifrå. Tala i tråden er frå dei to fyrste stega.
<iframe src="https://skvip.lol/@markus/117471943109732937/embed" width="100%" height="780" style="border:0; max-width:500px;" loading="lazy" title="Det fyrste tutet om kartet over norske Mastodon-kontoar"></iframe>
Svara i tråden:
- [Kor mange er aktive?](https://skvip.lol/@markus/117472095735935438), med bileta for siste månad, halvår og år.
- [Berre dei aktive](https://skvip.lol/@markus/117472102316216760), om kva som endrar seg når berre dei 345 aktive er med.
- [Kvifor eg ikkje namngjev hubbane](https://skvip.lol/@markus/117472186791567654).
- [Kva med GoToSocial og Misskey?](https://skvip.lol/@markus/117472204143632930)
## Vidare
Eg har lyst å prøve ein versjon som les ActivityPub direkte i staden for Mastodon-API-et, så GoToSocial og Misskey kan kome med.