# Interrail 2016 #reise/tog Dette var min aller fyrste interrail, og fyrste togferie. Eg hadde nesten ikkje tatt tog noko særleg i mitt liv før denne turen. Sida denne er tilbake i tid så kan eg berre skrive slik eg hugsar det. ## Reiseetappar - Warszawa - Praha - Her sov eg på eit dagtog i vanleg sete. Det fekk eg ikkje til. Eg var redd for å bli fråstjålet tinga mine. Eg brukte det meste av natta til å kikke på min amerikanske kupénabo som sov godt og trygt. - Praha - Wien - Wien - Zagreb - Eg angrar fortsatt på at eg ikkje gjekk ut av toget i Slovenia. Tullete å ikkje ha vore der på ekte. - Zagreb - Villach - Same som over. Tenk at eg har kryssa Slovenia to gongar i forskjellege retningar men aldri satt fot der. I følgje viaduct.world har eg reist langs 26% av skjenene i Slovenia! - Villach - Venezia - Dette er den finaste bussturen eg har tatt i mitt liv. Gjennom alpane. Magisk - Venezia - Nice - Venezia - Milano - Milano - Nice - Her hugsar eg at eg var lei at toget til Nice ikkje var på interrail og at eg difor måtte ut med 40 euro for togbillett. Eg trøsta meg med ein prosessco som eg handla på 7/11, noko eg tykkja var veldig morosamt. - Nice - Monaco - Nice - Monaco - Ei dame blei tatt for sniking på denne turen og krangla valdsamt med konduktøren på fransk. - Monaco - Nice - Monaco var heilt OK, veldig dyrt. Men eg gjekk no Monaco på tvers! - Nice - Paris - Enda eit av dei lengste strekka i kilometer eg har tatt med tog. På dette toget blei eg oppringt av banken som fortalte at kortet mitt sin info var blitt stjålet i Nice i den eine minibanken eg måtte bruke der for å betale for ting. ## Kart <iframe src="https://embed.viaduct.world/j/HjcYRTcDlvDdNrhH?layer=Topo&tabs=map,trips,stats" width="100%" height="350" style="border:0;" allowfullscreen loading="lazy" referrerpolicy="no-referrer-when-downgrade" ></iframe>