# Bergen - Hamburg Fyrste etappe av [[Interrail 2025]]! Me byrja med nattog frå Bergen natt til 18. juni og skal ankoma Hamburg litt før midnatt same dato.# Bergen - Hamburg Dette blir den lengste etappen eg har gjort på ~1 døgn. Når du reisar med [[interrail]] får du lov til å bruke 2 reisedagar på utreise frå heimlandet ditt. Det tydar at toga mellom Bergen og svenskegrensa er dekka av [[interrail]]-billetten! Me har lenge visst at me skal ha ei overnatting i Hamburg, så den har me ordna for lenge sida. [[Ho kona]] plar ha ansvaret for det, ho nyttar i hovudsak booking.com. ## Strekk ### Bergen - Oslo #2025/06/17 #### Vy ![[signal-2025-06-18-18-32-27-647-2.jpg|150]] Nattoget frå Bergen gjekk kl. 23.00. Dette toget er me godt vante til å ta, mange turar i året. Me var framme i Oslo til kl. 06.27. Her betalte me berre for sjølve sovekupeen, då sitteplassen var betalt via interrail. ### Oslo - Gøteborg #2025/06/18 #### Vy ![[signal-2025-06-18-18-32-27-647-1.jpg|150]] Frå Oslo gjekk turen vidare til Gøteborg kl. 08.14. Det er så langt me kjem med tog frå Oslo retning sør i Sverige. Dette toget har ikkje krav om setereservasjonar, difor kan me berre gå ombord med [[interrail]]-billetten vår. Det var berre ei vogn kor det var varsel om setereservasjon, så det var lett å finne plass. Me var dog tidlege på plass, ved avgong var toget relativt fullt. Verdt å hugse på at mange austlendingar tek dette toget på kortere strekk, slik som til Ski eller Halden. Me har valt å sette oss langt framme i toget for å vera nærmast mogleg stasjonsbygget i Gøteborg kor me har eit kort vindauge for bytte. Når me nærma oss Gøteborg byrjar eg å leite etter kor buss-for-tog går frå. Det klarar ikkje å finne ut av. Sida eg har tatt buss i Gøteborg før veit eg dog at båe kandidatar er nære togets plattform. Me byrja og å tenkje på morgondagen. Kor skal me vidare? Kor skal me bu? Me lurar på Marburg nord for Frankfurt. Ruta sa me skulle vera i Gøteborg 11.45, men me ankom 11.40! Det var deileg når me hadde så trangt vindauge. ### Gøteborg - København #2025/06/18 #### Öresundståg ##### Buss-for-tog til Falkenberg Her er favoritten vår Öresundståget sida det går heilt fram til København. Det er faktisk ingen reservasjoner på dette toget lengre! Før har me måtte håpe på at me fant sitteplass, men no er det berre å gå roleg ombord og sette seg der ein vil. Det er ofte banearbeid rundt Gøteborg på sumaren, og i år er inkje unntak. Me måtte faktisk ta buss frå Gøteborg til Falkenberg. Nesten halvvegs. Me klarte ikkje å finne ut av på forhand om kor bussen gjekk frå, men det var heldigvis skilta greitt. Me fant eit som peika oss til Nils Ericson terminal for Öresundståg sin buss. Me hadde bussen 12.55 som mål, men me nådde ein 11.55 som får oss til Falkenberg (og til slutt København) ein time tidlegare! Bussen var på Flakenberg kl. 13.36. ##### Tog til ~~København~~ Helsingborg Lett å koma seg på toget her òg. Det stod og venta på oss, nesten heilt tomt. Veldig greitt. Det er som sagt ingen reservasjonar på Öresundståg. Det er ikkje mogleg. Så dei to fyrste ledige setane heiv me oss ned i. Det skal gå 13.54 mot København. Me burde ankoma 16.27. ##### Tog til København Me kom til Helsingborg 15.00 og fekk beskjed om å bytte togsett. Då fekk me enda nokre skritt på svensk jord. Burde ikkje påverke når me er framme i København. Dette toget er ganske fullt. Folk står i midtgangen. Ikkje fyrste gong me opplev det. Rundt 16.14 kom me på brua til Danmark. Allereie 16.16 var me av. ### København - Hamburg #2025/06/18 I København hadde me middagspause. Me fekk om lag to timar på oss til å slappe av og ete før turen gjekk vidare. Diverre ikkje tid til eit besøk på tivoli, det får me ta [[København|i haust]]. København hovedbanegård har mange spiseplassar, men ingen spesielt gode. Det er ein del i nabolaget, men me gjekk enkelt for Max i dag. Masse vegansk. Obs for stasjonen er at toalettet kostar 5 DKK å nytte. #### DSB / Deutche Bahn ![[signal-2025-06-18-18-31-23-531.jpg|150]] Toget gjekk mot Hamburg kl. 18.22. Dette toget har me reservert sitteplassar på via Deutsche Bahn. Det kosta 10,40 EUR for oss to. Det var faktisk påkrevd. Klokka 20.07 var me på fastlandskontinentet. Me skulle vera i Hamburg 23.03, men det blei nærare 23.11. Litt forsinking heilt mot slutten grunna signalfeil. Utruleg lite som har gått feil! Me har reist i over eit døgn no, og har tatt inn på eit hotell vis-a-vis togstasjonen. Her skal me overnatte minst ei natt på hotell. Me avsluttar dagen med å planleggje morgondagen. Skal me vidare? Kor? Når? ![[signal-2025-06-18-23-29-33-373.jpg|150]]