# [[Milano]] - [[Praha]]
## Strekk
### [[Milano]] - Wien
#2025/07/04
#### Trenitalia / ÖBB NightJet
Dette toget går frå Milano Lambrate. Det er ein veldig liten stasjon med få tenestar. Ingen opne butikkar når me var der, berre handleautomatar. Me ble òg hevet ut av loungen som stengte kl. 21.00.
Verdt å handle inn ting til natta før reisa til stasjonen. Om lag 10 minutt med metro frå Centrale som er ein veldig komplett stasjon.
Me bestilte ein privat day couch her. Sitteseter som kan kollapsast ned. Plass til 6, men me har betalt ut kupeen til oss privat.
Me ankom overraskande utkvilte. Det hjalp at toget tok så lang tid. Me rakk å få roe ned på kvelden, og ta ein roleg morgen etter lang søvn.
Det hjalp nok òg på at me var såpass køyrde etter ein lang dag ute i Milano.
### Wien - [[Praha]]
#2025/07/05
#### České dráhy / ÖBB
Me ankom Wien kl. 09.11 og planla å ta toget vidare til [[Praha]] kl. 11.10. Men når me kom såg me at 09.10-toget til [[Praha]] var så forsinka at me rakk det. Kl. 09.39 gjekk toget frå Wien til Praha med oss ombord.
Det er anbefalt med sittereservasjonar på toget, men det fekk ikkje me tak i. Heilt flaks fant me sitteplassar som var ledige.
Framme i [[Praha]] kl. 13.40. Berre 25 minutt forsinka, men for del er me halvanna time tidleg.