# Praha - Berlin Tolvte etappe av [[Interrail 2025]]. Veldig enkel etappe i dag. Eit enkelt tog frå [[Praha]] til Berlin. Litt over 4 timar. ## Strekk ### [[Praha]] - Berlin #2025/07/07 #### České dráhy / Deutche Bahn Dette toget hadde obligatoriske sittereservasjonar så me betalte 11 EUR via DB Navigator for dei. Dei varsla passkontroll på grensa mellom Tsjekkia og Tyskland, men alt som skjedde var to politi som tok ein kjapp gåtur gjennom toget i fart til neste stasjon. Mens me satt på dette toget fekk me beskjed om forsinkingar på [[Berlin - Halmstad#Berlin - Hamburg|Berlin - Hamburg]] som gjorde at me ikkje kom til å nå [[Berlin - Halmstad#Hamburg - København|Hamburg - København]]. Me fekk oss dog nokre sitteplassar på ein tidlegare avgong frå Berlin slik at me skal koma fram til Hamburg i tide til toget vårt, og ikkje bli for seine framme til Halmstad. Mens me satt på toget kom det [pressemelding](https://www.nrk.no/nyheter/det-blir-direktetog-fra-kobenhavn-til-berlin-og-praha-neste-ar-1.17483544) om at strekket frå neste år skal gå heilt København. Det er nok ei mogleg rute for framtidige [[interrail]]-turar. #### TIPS! Me tykkja det var vanskeleg å forstå kor me skulle gå for plattformen vår, då det ikkje var skilta mot nokre plattformar. Så her er eit tips: Når du finn toget ditt på ein skjerm så er den enten merka med S for nord eller J for syd. Gå i mot den delen av stasjonen for å finne plattforma di!