# Berlin - Halmstad Nest siste etappe på [[Interrail 2025]]. Dette er rein reisetappe. Me har reservert sitteplassar frå Berlin til København (obligatorisk for Hamburg - København). 11 EUR for dei (men totalt 22 EUR pga ei [[Praha - Berlin#Praha - Berlin|forsinking]]). ## Strekk #2025/07/08 ### Berlin - Hamburg #### Deutche Bahn [[ICE]] 934 til Hamburg Hbf klokka 11.06. Me skulle eigentleg ta eit tog kl. 12.36, men pga. problem med nokre stasjonar lengre nord blei det toget så forsinka at me ikkje hadde nådd toget vidare frå Hamburg. Me sitt i fyrste vogn og riktig køyreretning, det er lenge sida sist. Toget kom fram nesten på tida, kl. 13.13. På Hamburg Hbf er det mange plassar å ete, spesielt på dagtid. Me likar Schweinske i andre etasje fordi det er god plass til bagasjen ved bordet. Maten er så som så. ### Hamburg - København #### DSB / Deutche Bahn Toget til København var etappas lengste på 4 timar og 40 minutt. Her er det obligatorisk med setereservasjonar. Turen er ganske lang, og litt keisam om du har tatt den før. Men det er nokre gøye vyar på bruar i båe Tyskland og Danmark. Toget kom tidleg inn til perrongen, som var bra sida det stod på heilt feil seksjon. Toget var eldre, slik som på [[_publish/Reisar/Interrail/2025/Bergen - Hamburg#København - Hamburg|turen ned]]. Kl. 14.56 gjekk det frå Hamburg Hbf, ein halvtime før vårt eigentlege tog frå Berlin ankom Hamburg. Rundt kl. 16.56 var me i Padborg, Danmark. Her blei det pause for passkontroll. Som normalt fekk me ikkje sjekka våre pass. Dei tek nok stikkontroll. Grunna ei hending blei toget veldig forsinka, kl. 20.17 stoppa me på København H. Heldigvis er stasjonen så pass lita at det var enkelt å koma frå perrong 5 til perrong 7 i god tid før neste tog kl. 20.30. ### København - Halmstad #### Öresundståg Dette toget nådde me så vidt, og det er aller siste Öresundståg frå København. Kl. 20.30 gjekk det og tok litt over to timar til Halmstad. Framme kl. 22.48. Me stoppa for natta i Halmstad for å unngå å avslutte dagen med [[Halmstad - Bergen#Falkenberg - Hedd|buss for tog]]. Profil hotels hadde eit hotell rett ved togstasjonen, minutters gange. Perfekt når ein ankommar med seint tog, og forlet med eit tidleg tog.