# Halmstad - Bergen Siste etappe på [[Interrail 2025]]. Her var det tilnærma strake vegen, med ein middagspause i Oslo som fungerte som ein buffer for forsinking. ## Strekk #2025/07/09 ### Halmstad - Falkenberg ### Öresundståg Me tok toget 07.26 og det stod klart på perrongen tidleg. Togturen tok så vidt eitt kvarter før me bytta over til buss-for-tog. ### Falkenberg - Hedd #### Buss for tog / Öresundståg Heilt grei busstur. Fine vegar. Her blei det litt dupping. ### Hedd - Gøteborg ### Västtågen Dette toget kom kjapt etter bussen ankom, kl. 09.21. Null problem å få plass på det. Me kom fram til Gøteborg rundt kl. 09.47, neste tog (til Oslo) såg me når me gjekk av toget. God tid til å handle litt på kiosken før toget vidare kl. 10.15. ### Gøteborg - Oslo #### Vy Toget gjekk frå Gøteborg kl. 10.15. Det er fyrste punktet kor eg byrjar å føle meg heime. Toget er på norsk! Litt uvanleg tok det ei stund før toget opna, men det gjekk på tida. Kl. 11.42 kryssa me grensa inn i Noreg. 🇳🇴 Me ankom Oslo S kl.13.47, ikkje lenge etter antatt tid ### Oslo - Bergen #### Vy Me kunne ha nådd eit tidlegare tog mot Bergen, men me velgjar alltid enten nattoget eller siste dagtog. Dette fordi det gjerne er masse forseinkingar mellom Malmø og Oslo. I dag gjekk siste dagtog kl. 16.21, noko som gav oss over to timar i Oslo. Den brukte me på middag på Grünerløkka. Med på toget hadde me brus, bollar, og snacks. Me har spandert på oss plassar på Pluss for 800NOK (i tillegg til [[interrail]]-billett) slik at me har bra beinrom og eiga bord.