# Hamburg - Heidelberg
Andre etappe av [[Interrail 2025]]!
Mindre komplisert etappe i dag. Me vonar å få møtt ei slektning av [[Ho kona|ho kona]] i Frankfurt i dag eller i morgon, difor har me laga oss ein base i den vakre Heidelberg for no. Me tykkjer ikkje Frankfurt fristar så mykje.
Dette bestemte me oss faktisk for i dag morges, same dag som avreise. Det er sjeldan seint for oss, me plar bestemme oss iallfall kvelden før.
## Strekk
### Hamburg - Frankfurt
#2025/06/19
#### Deutche Bahn
Dette toget er ganske simpelt. Eit [[ICE]]-tog med god fart. Det er ikkje krav om reservasjon, men me betalte 11 EUR slik at me veit me har kvart vårt å sitte på i same rad.
Turen skal ta om lag tri og ein halv time, og me drar ganske rett etter utsjekk frå hotellet.
Toget gjekk 11.26, to minutt forsinka, frå Hamburg Hbf.
Undervegs på toget fiksa [[Ho kona|ho kona]] hotell for Heidelberg. Der skal me bli to netter. Det greie med [[interrail]] er at ein gjerne får rimeleg hotell sida ein bestillar rom rett før.
Me har fiksa tur seinare i ferien på Berina Express, mens me satt på dette toget. Vegen vidare ljosar seg fram!
##### 💶 TIPS! 🌱
Eit lite tips for Tyskland generelt er at dei er litt bakpå når det kjem til bruk av bankkort, det er mange plassar kor du faktisk må ha fysisk euro for å få betalt. Dette inkluderar i kafévogna på toget!
Difor tek me ut penger i ein minibank før me går ombord i toget, slik at me kan få kost oss litt der.
Tyskland har veldig bra utval av vegansk mat, og det inkluderar toga. Kanskje eg må ha meg ein vegane Curry-Wurste?? Det har eg ikkje fått bestille på tog enda.
### Frankfurt - [[Heidelberg]]
#### Deutche Bahn
Me tok [[ICE]] 1579 kl. 15.19 frå Frankfurt mot Heidelberg. Rett frå førre tog til dette. Inkje slektsbesøk i Frankfurt i dag.
Ein god del kortare reiseetappe i dag!
Skikkeleg varmt i Heidelberg. [[Ho kona]] har fiksa hotell rett ved togstasjonen og eit trikkestopp, så me er klare til å farte rundt i den gamle byen.