# Heidelberg - Zürich Tredje etappe av [[Interrail 2025]]! Me skal koma oss til Sveits, som er hovuddestinasjonen for bryllaupsreisa. I Zürich skal me blant anna ete på ein vegansk Michelin-restaurant! Me likar å finne slike gøye ting me kan droppe rundt i ferien og planleggje rundt. Eg skulle gjerne ha reservert sitteplass på båe desse toga ved hjelp av DB Navigator, men sida me bestemte oss seint så er det ingen sitteplassar ledige på toget til Zürich heile strekket. Det er alikevel «medium demand expected», så me burde finne oss plass. Kanskje me berre må flytte litt på oss undervegs. Det hadde blitt 11 EUR for to sitteplassar frå Heidelberg til Zürich. Me kunne kjøpt sitteplasser til Mannheim, men det er alikevel 11 EUR og det er for kort strekning til å vera verdt det. ## Strekk ### Heidelberg - Mannheim #2025/06/21 #### S-bahn Me hadde planar om å ta eit toetasjers [[InterCity]]-tog, men då me kom tidleg til stasjonen tok me heller S-bahn. Om ein ikkje har [[interrail]]-billett kunne ein nok vurdert om trikk eller buss er billegare då Mannheim er veldig nære. Tog er uansett kjappast, og inkludert i [[interrail]]-billetten. ### Mannheim - Basel #2025/06/21 #### Deutche Bahn Tidlegare tog førte oss til tidlegare tog, så i staden for å fare direkte til Zürich drar me innom Basel. Me fekk uansett ikkje tak i sitteplassar. Pga. det sitt me i kvar vår vagn på sida av kvar vår framand. Toget gjekk kl. 11.46 frå Mannheim, og burde vera i Basel kl 13.51. Allereie i Karlsruhe, rundt 12.05, fekk me sitte i lag att når folk gjekk av. Når me nærma oss Sveits blei endestoppet på Basel SBB avblåst. Heldigvis er det eit anna stopp på Basel Bad, så me må koma oss vidare der frå. ### Basel - Zürich #2025/06/21 #### Deutche Bahn Kl. 14.47 tok me toget frå Basel Bad Bf til Zürich. Det er eit [[ICE]]-tog som berre stoppar på Basel SBB før er i Zürich kl. 16.00. Me kom fram kl. 16.07 etter eit flott togstrekk. Stasjonen i Zürich er skikkeleg fin. Stor og oversiktleg. Me bur på Fred hotel som er ein kort gåtur frå stasjonen.