# Zürich - Zermatt
Me skulle eigentleg til Lugano på denne etappa, men me ombestemte oss under frukosten.
Me hadde lust på meir tid til å utforske områda rundt [[Zermatt]] og [[Interlaken]], så me drar rett til [[Zermatt]].
Me må via Visp. Ingen setereservasjonar trengs, men me brukte [[interrail]] sine sidar til å reservere sitteplassar til Visp.
Zürich skulle me ha vore lengre i, me planlegg eit lengre besøk her i framtida. Men denne gongen blei det for mange ting me vil sjå.
## Strekk
### Zürich - Visp
#2025/06/22
#### SSB
16.02 frå Zürich mot Brig. Ingen setereservasjonar naudsynt, men me er glade me tok det gjennom [[interrail]]. Det er masse folk ombord.
Dette er eit 2-etasjerstog og det er veldig gøy.
Me skal gjennom Bern i dag, men ikkje gå av toget.
### Visp - [[Zermatt]]
#2025/06/22
#### Matterhorn express
Me ankom Visp 18.04 og nådde lett toget vidare til [[Zermatt]] 18.11. Me lurte på om me måtte vente på 18.37.
"Alle" skulle av her, og alikevel gjekk det radig til riktig perrong.
Her var det ikkje mogleg å reservere sitteplassar. Toget var ganske fullt, men me klarte å finne ein rad for oss to i lag.
Me kom fram i Zermatt kl 19.17.
Heilt fantastisk togstrekk, eit av dei finaste eg har vore på.
Sjukt spesielt å stige og stige og stige ot alikevel ha fjell som tårnar over deg. Dette strekket anbefalar eg på det sterkaste.