# Zermatt - Interlaken Det var populært å reise frå [[Zermatt]] til [[Interlaken]] nett i dag. Det var fleire som tok dei same toga som oss gjennom heile etappen. Det forstår eg godt når det er to så fine og populære destinasjonar. ## Strekk ### [[Zermatt]] - Visp #2025/06/24 #### Matterhorn Gotthard Bahn Same strekk me tok på slutten av [[Zürich - Zermatt]]. Det var ein utruleg vakker tur, me satsar på at den er like fin andre vegen. Me har ikkje sitteplassar reservert denne gongen heller. Me kom fram til Visp kl. 13.47 og hadde ein kort overgong til neste tog. Frå plattform 3 til plattform 4. Ein kjapp tur under bakken så kom me opp på andre sida av sporet. ### Visp - Spiez #2025/06/24 #### SSB Toget til Spiez er kort. [[InterCity]] mot Basel. Me skal av allereie etter 7 minutt. I toetasjerstoget fekk me oss plass i ein sofakrok rett opp trappa. Deileg strekk, sjølv om det var kort. ### Spiez - Interlaken #2025/06/24 #### SSB Litt lengre overgong her på 16 minutt. Kort strekk til [[Interlaken]] Ost, dog me skal av på West. Lett å finne fram på Spiez stasjon. Kort overgong frå plattform 5 til plattform 1. Toget til Interlaken gjekk 14.36, me var framme kl. 14.53 på [[Interlaken]] West. [[Interlaken]] West er ein open stasjon før hovudstadsjonen [[Interlaken]] Ost.