# Brienzer Rothorn - Luzern Syvande etappe av [[Interrail 2025]]. Me starta dagen på toppen av fjellet Brienzer Rothorn, og avslutta dagen ved Vierwaldstättersjøen i Luzern. ## Strekk ### Brienzer Rothorn - Brienz #### Brienzer Rothorn Bahn Damplokomotiv og panoramatog. Like fint på veg ned som på veg opp. Me satt på høgre side i køyreretninga. ### Brienz - Interlaken Ost #### Zentralbahn Panoramatog! Men me er berre midlertidige gjestar denne gongen. Du kan gå ombord med vanleg [[interrail]]-billett. ### Interlaken Ost - Luzern #### Zentralbahn Panoramatog. Gratis med [[interrail]]. Me valte å bruke 11 EUR på å reservere sitteplassar i kantina. Det viste seg å ikkje vera naudsynt då det var masse ledig (og lite reservert). OK- mat, gode vyar. Ikkje like bra som eg forventa frå innsalet. ### Luzern - Bürgenstock [[Ho kona]] hadde bestilt eit hotell på området Bürgenstock. Eit skikkeleg fancy resort. Her følgde det med i prisen tur med katamaran og tur med taubane. #### Bürgenstock bahn Ein gamal skjenegåande kabelbane frå kaia opp til hotellområdet. Gøy.