# St. Gallen - Schaan
Niande etappe under [[Interrail 2025]].
Dette er lett den kortaste etappa, me brukar under ein time frå startstasjon St. Gallen til endestasjon Schsan-Vaduz.
Vaduz er Liechtenstein sin hovudstad, men togstasjonen ligg i Schaan som er landets største kommune. Stasjonen heiter difor Schaan-Vaduz.
## Strekk
#2025/07/01
### St. Gallen - Buchs
### SBB
Me tok toget kl. 15.25 frå St. Gallen. IR13 frå Luzern hadde ein pause på 3 minutt i St. Gallen så me fekk tid til å finne vogn.
Appen SBB Mobile hjalp oss med å finne ut kva vognar som var fulle på forhand. Det var lett å finne sitteplassar til 2 på ei vogn som var medium full.
Dette toget gåt litt langs Bodensee som grensar Sveits, Tyskland, og Austerrike. Det var sjeldant me kunne sjå sjøen noko bra.
Seinare i ruta, spesielt rundt St. Margrethen er me heilt oppi Austerrike utan å krysse grensa. ÖBB-tog blir vanlege syn på stoppa.
Heile dette strekket er veldig kort, berre 49 minutt.
### Buchs - Schaan
#### ÖBB
Lett å bytte over i Buchs. Måtte under ein perong og så opp på neste. Det var berre å stå i vogna då det er snakk om 3-4 minutt over grensa.
Toget kryssar ei elv og midt i ho er grensa mellom Sveits og Liechtenstein.
Dette lille toget går fram og tilbake mellom Buchs (Sveits) og Feldkirch (Austerrike) på tvers av Liechtenstein, 11 gongar til dagen.
Det stoppar på 3 av landets 4 stasjonar.
Schaan-Vaduz er ein herleg liten stasjon med tanke på at den opererar for hovudstaden i landet. Det er ein perong med eit gamalt bygg.
Det går mange bussar i landet som me nyttar google maps til å finne ut av.