# Heidelberg ## Dag 1 Me ankom Heidelberg #2025/06/19 etter [[Hamburg - Heidelberg|andre etappe]]. Her skal me vera to netter. Fyrste me gjorde var å sjekke inn på Aparthotel Adagio. Her fekk me lessa av ein del greiar og pakka om frå togfararar til byfolk. Eg satte [[Ho kona|ho kona]] til å finne ut av billett til kollektiv, for det aller meste stod berre på tysk. Det viste seg at det enklaste var å kjøpe dagsbillett på eit av stoppa. Me brukte dog denke dagsbilletten altfor lite. Masse vandring rundt i dei mest turisttunge strøka, og handling av våre respektive turistobjekt. Noko gull [[Ho kona|ho kona]] gjekk til innkjøp av etter [[Interrail 2024]] er ein klesvaskepose. Ei pose med tekstur slik at du kan skure kleda reine inne på hotellbadet. No har me båe tatt våre rundar på hotellet, og har ingen skitne klede att. ## Dag 2 #2025/06/20 I dag har me hatt vegansk frukost og besøkt Heidelberg slott. Det gjekk greitt å ta seg rundt med buss ved hjelp av google maps. Me tok ein bergbane ned frå slottet. Ein gondol på skjener som Fløibanen. Det blei ein lengre utflukt til Offenbach i Frankfurt for å besøke ei slektning av [[Ho kona|ho kona]]. Det blei for mange småturar til å orke å skrive om på veg dit og tilbake. Bruk av DB Navigator, Google Maps, og Railplanner gjorde at det blei enkelt. DB Navigator er gull, spesielt i Tyskland. Du får kjappe varslar om forseinkingar og sporskifte, og det er lett å kjøpe setereservasjon om du treng det. ### TIPS! S-bahn er òg del av [[interrail]]. Du kan altså koma deg rundt ganske fint i fleire av Tyskland større byar berre med [[interrail]]-billetten.