# Interlaken [[Interlaken]] skal fungere som ein hub for forskjellege togturar og aktivitetar. I området er blant anna Jungfraujoch, Grindelwald, og Rothorn. ## Dag 1 Me ankom [[Interlaken]] #2025/06/24 frå [[Zermatt]]. Me bur på eit hotell nær stasjonen [[Interlaken]] West. Det seiar seg sjølv at me måtte ta nokre meir skjenetrafikk. Me tok Harder Kulm-bana. Som Fløibanen, berre mykje brattare og opp til 1323moh ([[Interlaken]] ligg forøvrig på rundt 600moh). Bana gjev deg 50% rabatt om du har [[interrail]]-billett. ## Dag 2 #2025/06/25 Denne dagen dro me opp på Europas høgaste togstasjon, Jungfraujoch. Me starta #2025/06/25 med eit [[InterCity]]-tog mellom [[Interlaken]] West og [[Interlaken]] Ost kl. 07.23. Eit kort bytte der får oss på det regionale toget mot Lauterbrunnen. Du får rabatt med [[interrail]]-billett for å reise her. I tillegg får du 15% rabatt for å reise tidleg på morgonen. ### Strekk #### Interlaken West - Interlaken Ost **SSB** Eit heilt vanleg tog, berre for å frakte oss til riktig togstasjon frå hotellet. #### Interlaken Ost - Lauterbrunnen **Berner Oberland Bahn** Tannhjulbane! Slik som Gornergratbana. #### Lauterbrunnen - Kleine Scheidegg **Wengernalpbahn** Tannhjulebane, meir turisttung. Lett å finne perrong, rett på sida av førre tog. Verkar som det var korrespondanse, men det var ikkje me klar over. Difor venta med ein halvtime på neste tog. Flotte vyar nedover dalen. #### Kleine Scheidegg - Jungfraujoch **Jungfraubahn** Tannhjulebane. Det meste av denne er i tunnel, langt inni fjellet. Veldig bratt, du kjenner det godt. Veldig gøy med tur opp Jungfraujoch, kan anbefalast sjølv med den stive prisen. Me blei båe litt svimle og småkvalme i høgda, men det gjekk over. I sola var det ganske varmt sjølv på ~3500moh, eg gjekk i skjorts og t-skjorte. ## Dag 3 #2025/06/26 Fyrste dag utan tog! Eg har dog besøkt modelltogbutikken Bühler AG Interlaken. Der kjøpte eg ei vogn av Berina Express laga av Kato. Me skal ta det toget under etappa [[Schaan - Milano]]. ## Dag 4 #2025/06/27 I dag bytta me hotel, me forlot [[Interlaken]] og dro opp i fjellet med Brinzer bahnen til Rothorn.