# Praha [[Praha]] er den siste byen kor me oppheld oss meir enn ei natt. ## Dag 1 #2025/07/05 Me ankom frå [[Milano]]. [[Praha]] har veldig mange trikkar, og det er lett å kjøpe dagskort ombord frå maskinar. Sjølv i gamle trikkar. Det fins nokre veterantrikkar (på alder med dei vanlege i [[Milano]]), men dei er ikkje dekka av vanleg billett. Fun fact om [[Praha]] og [[interrail]] er at eg var her på same dato under min fyrste [[interrail]] ([[Interrail 2016]]). ## Dag 2 #2025/07/06 Denne dagen gjekk me for enkeltbillettar på trikkar, det blei så mykje vandring dagen før.