# Zermatt ## Dag 1 #2025/06/22 Zermatt skal me ha to netter i. Den nydelege Matterhorn Gotthard Bahn er ein fantastisk inngongsport. Byen er som Geilo på steroidar. Veldig "falskt", men alikevel pent og koseleg. Fjella er fantastiske. Denne fyrste dagen rakk me så vidt å sjekke inn og handle, samt ei lita rusletur i området. ## Dag 2 #2025/06/23 ![[signal-2025-06-23-13-18-29-031.jpg|200]] Me starta dagen på hotellets spaavdeling. Luksus og fantastisk, og me er jo på bryllaupsreise. Me hadde utsikt mot Matterhorn mens me bada i utandørsbassenget. No skal me ta litt tog att! ### Gornergrat bahn Gornergrat bahn er eit tog frå Zermatt opp til Gornergrat. Det er Europas nest høgaste togstasjon, på over 3000 meters høgde over havet. Zermatt er på rundt 1600. Det var dyre billlettar opp, 221 CHF for oss to opp. Og det er berre ein halvtimes tur. Men me håpa at utsikta og det spesielle med det var vel verdt turen. Me fekk 20% rabatt for å bestille billett som berre gjelder etter kl. 15.30 på sumarstid. Me tok Gornergrat Bahn opp kl. 16.00. Det var lite folk, og fint vêr. Sola stod bra på himmelen. Me kunne bevege oss der me ville, men dei fleste vyane var ut høgresida. Det var fantastisk. Beste togstrekket eg har tatt. Det blei ein time oppe på fjellet og sjå på isbreane og alpane før me tok toget kl. 18.18 ned att. Alt var stengt på toppen bortsett frå ein bar. Anbefalast sterkt.