# Bergen - Disneyland Fyrste etappe av [[Interrail 2026]]! Dette blir den lengste etappen eg har gjort! Me sitt på tog frå morgonen ein dag, til kvelden neste. Halvanna døgn. ## Strekk ### Bergen - Oslo #2024/03/28 #Vy Bergensbanen til Oslo som normalt. Med faktisk langdistanse tog, i motsetning til under [[Berlin|førre tur]]. Toget gjekk nokre minutt forsinka frå Bergen stasjon. Stappfullt med ski og store sekkar frå alle som skal på fjellet for påske. Roleg togtur over fjellet som faktisk ankom Oslo over 20 minutt før tida! ### Oslo - Gøteborg #2024/03/28 #Vy I Oslo tok me ei rask runde med handling av kryssord, antibac, lunsj, og drikke. Me sto oppstilt på perrongen i god tid før toget i det heile tatt kom, noko som gjorde at me fekk oss flotte sitteplassar i ei av dei mange vognane utan reservasjon. ### Gøteborg - Hamburg #2024/03/28 - #2024/03/29 #SJ Dette er ikkje normal kost! SJ sitt EuroNight gjekk frå Gøteborg og ikkje Stockholm på grunn av sporarbeid. Nattoget startar altså allereie i Gøteborg, og me får dermed nokre ekstra timar søvn, og me slapp å reise heilt til Malmø før me fekk leggje oss. Det var nattog, men me satt på vanlege seter. Det blei rett og slett for dyrt med sovekupé denne gongen. Vogna var ganske full av folk, i større gruppe tyskare på veg heim verka det som. Det er ikkje akkurat slik vogn ein eigentleg har lust å sove i. Toget var framme i Hamburg 20 minutt før tida. Uvant kost for nattog frå Sverige. ### Hamburg - Køln #2024/03/28 #DB Me ordna setereservasjonar på dette toget då det er generelt ganske populært. Hamburg hbf er veldig lett å finne fram på, så her var det ikkje noko problem å koma frå platform 8 til plattform 14 på dei 35min me hadde tilrådighet. Toget var veldig behageleg. Lettere å sovne på enn nattoget. Dei blei ein halvtime forsinka til Køln som stressa oss litt. Heldigvis var toget vidare på same perrong. ### Køln - Brussels #2024/03/28 #DB Veldig greitt tog. Gjekk på på tida, framme 2-3 minutt for seint berre. Det var eit ICE-tog så ikkje så mykje nytt å seia. ### Brussels - Paris #2024/03/28 #Eurostar Her er den store interrail-bommen. Me valte ikkje rute til Paris på forhand, så alt av interrail-plassar var tatt. Frankrike er ikkje så glad i interrail. Difor måtte me punge ut med billettar til lyntoget frå enten Karlsruhe eller Brussels. Då Brussels var 250 euro billegare var valet lett. Toget gjekk tida i ei lynande fart. 299km/t var det kjappaste eg såg. Eg og ho kona blei sittande i kvar vår vogn sida me handla billettar så pass seint (på same morgon), men eg satt no alikevel åleine heile turen.