# Andre etappe av interrail 2026
Andre etappe av [[Interrail 2026]] var ganske kort og transporterte oss frå Marne la Vallée i Frankrike til London i Storbritannia.
Dette er ei etappe i setereservasjonens namn.
## Strekk
### Marne la Vallée Chessy - Lille Europe
#2026/04/01 #SNCF
Fordi me allereie befant oss i nærleika av Disneyland var det kjappare å unngå reise innom Paris sentrum.
Me trengte sittereservasjonar til toget som me skaffa tidleg, samtidig som reservasjonar på neste strekk.
Toget blei omlag ti minutt forsinka inn til Lille Europe. Likevel rakk me ein tur innom kjøpesenternaboen før me måtte sjekke inn på Eurostar.
### Lille Europe - London
#2026/04/01 #Eurostar
Sjølv i lille Lille var det stor og klumsete prosess for å koma til Eurostar sin perrong. Pass og slikt er no greitt ut av Schengen, men å få bagasje gjennomgått i detalj tykkjar eg er litt vel masse.
Toget var litt trangt til Eurostar å vera, men greitt nok. Turen til London var ikkje så lang.
Det er alltid gøy å ta toget under sjøen for å koma til øya Storbritannia.