# Tredje etappe av interrail 2026
Tredje etappe av [[Interrail 2026]] er ganske kort. Me valte å forlate London seint slik at me fekk tid til litt turistting og middag før me dro.
To tog står på dagens meny.
## Strekk
### London - Brussel
#2026/04/04 #Eurostar
Eurostar ut av Storbritannia gjekk veldig greitt. Relativt få folk på stasjonen, så me fekk til og med sitte mens me venta. Radig gjennom kontroll av pass og bagasje.
Toget var greitt nok, men er ikkje så glad i dei store stolborda dei har på Eurostar. Dei tek stor plass over fanget.
### Brussel - Køln
#2026/04/04 #DB
Toget til Køln venta pent på perrongen når me kom frå Eurostar. Tjue minutt mellom ankomst og avgong. [[ICE]] er veldig behagelege tog.
Toget blei eitt kvarter forsinka på skjenene rett utanføre Køln hbf grunna ei medisinsk hending. Heldigvis var det dagens endestasjon med hotell rett utanføre stasjonens dørar.