# Fjerde etappe av interrail 2026 Fjerde etappe av [[Interrail 2026]] minnar ein del om [[Andre etappe av Berlin 2026|returen frå Berlin]] tidlegare i mars. Opp tidleg for tur til Hamburg, og endar dagen i Gøteborg. Denne etappen kjem dog med ein lengre busstur. ## Strekk ### Køln - Hamburg #2026/04/05 #DB Opp tidleg i Køln for å nå dette toget klokka 06.11. Det er ganske likt som [[Andre etappe av Berlin 2026#Berlin - Hamburg|Berlin - Hamburg]] for nokre vekar sida, men denne gongen rett frå ei tidssonereise. Toget dro frå München i går kveld, og hadde difor allereie med seg fleire passasjerar. Toget køyrde inn ein del tid, me var 7 minutt for tidleg til Hamburg Harburg som gjorde at me måtte vente inn litt. Likevel 1 minutt før tida på Hamburg hbf. ### Hamburg - Odense #2026/04/05 #DSB #bussfortog Me hadde billettar til bussen kl. 11.20, men fekk koma ombord på den kl. 10.20, berre fem minutt etter me ankom Hamburg hbf. Vår vogn på førre strekk var så bra stoppa at det var kortast mogleg rute til busstasjonen. Bussen var overraskande grei, og me kom fram til Odense tidleg nok til nå eit tidlegare tog. ### Odense - København #2026/04/05 #DSB Toget stod pent og ventet på oss frå bussen. ### København - Alvesta #2026/04/05 #Oresundstag Me skulle eigentleg til Malmø og Gøteborg frå København, men grunna stormen Dave kom me ikkje lengre enn Alvesta.