# Siste etappe av interrail 2026 ## Strekk ### Malmø - Gøteborg #2024/04/07 #SJ Snabbtåg mot Gøteborg, på den vanlege ruta. Altså langst kysten og ikkje opp til Alvesta. Toget var veldig komfortabelt og fint. ### Gøteborg - Oslo #2026/04/07 #Vy #### Gøteborg - Halden #bussfortog Det blei buss-for-tog over grensa grunna stormen Dave. Heilt grei busstur, behageleg. Diverre óg ein del treigare enn tog som gjorde at neste strekk blei forseinka. #### Halden - Oslo Framme i Halden til toget 13.03. Ein god del seinare enn om toget hadde gått heile vegen frå Gøteborg. Toget kom inn til Oslo S ti minutt forsinka. ### Oslo - Bergen #2026/04/07 #Vy Me skulle ta toget 14.25, men grunna buss-for-tog nådde me ikkje toget før 16.23. Oppturen er at neste tog iallfall har kafévogn og er skikkeleg Bergensbane. Me skulle eigentleg ta regionstog. Toget me skulle ta kom seg forbi eit brennande tog i motsatt retning, det gjorde ikkje me. Difor: #### Oslo - Hønefoss #2026/04/07 #Vy Fin tur. Gjekk om lag 3 minutt forseinka. Før Hønefoss byrja me å lese om brann på Bergensbanen mot Oslo. Så Hønefoss blei slutten for vår togtur for litt. #### Hønefoss - Ål #2026/04/07 #Vy #bussfortog Buss-for-tog frå Hønefoss til Ål grunna brann i motgåande tog. Bussen brant óg! Uffameg. Over tri timar ståande i Flå mens bussen brant og dekket sprengte. Me anar ikkje kor me endar opp. <iframe src="https://rullen.no/embed/clips/markus/paskeekspressen/f2724337-fe64-4747-8271-8b4e5c46f51a" width="320" height="569" frameborder="0" allowfullscreen></iframe> #### Ål - Bergen #2026/04/07 #Vy Turen frå Ål til Bergen gjekk veldig greitt for seg. Etter lang tid med venting blei det berre soving fram til me var framme i Bergen rett over 4 på natta. Eg fekk ikkje med meg nokre stopp mellom Geilo og Arna pga så utslitt eg var.