# Bergen - Berlin Fyrste etappe av [[Berlin|Berlin-turen]] 2026! Etappen tok meg heilt til hovedmålet for turen, Berlin. Fint å vite kor langt ein kan koma seg i Europa på litt over eitt døgn. ## Strekk ### Bergen - Oslo #2026/03/19 Starta denne togturen med ein tur i dagen over fjella. Oftast plar eg jo byrja med nattog, men då sistestasjon for dagen var i Malmø var det god nok tid til å spare litt peng. Fint ver det meste av turen. Haugevis med snø på fjellet. Dette blei fyrste togtur eg arbeida på. Eg jobba heile turen frå Bergen til Oslo, med nokre pausar når dekninga blei for dårleg. Det kan eg gjere om att. Bom at Vy satte inn regionaltog på strekket, det er ein del lågare komfort. ### Oslo - Gøteborg #2026/03/19 Etter ein spasertur og handlerunde i Oslo gjekk ombord i toget mot Gøteborg. Det var så vidt eg fant meg plass, sjølv om eg var i toget 20 minutt før avgong. Eg endte opp på ein delt 4-seter heilt fremst i stillevogna. Dei fleste skulle heldigvis berre til diverse stadar på austlandet, så eg fekk meg eiga sete i Sverige. ### Gøteborg - Malmø #2026/03/19 Eg tok ein spasertur og pizzapause i Gøteborg. Eg kunne tatt eit nytt tog vidare nesten med ein gong, men denne gongen gjekk eg for eit lyntog (SJ snabbtåg). På dette toget hadde eg til og med 1. klasse, og det var verdt det etter ein lang dag. Heilt grei komfort, men eg fekk sitte på ein rad med single seter. Dette toget kom opp i 200 km/t på veg sørover i Sverige. Her blei det nokre blundar undervegs. ### Malmø - Berlin #2026/03/19 - #2026/03/20 I Malmø måtte eg berre vente i ~40 minutt før neste tog ankom. Eg handla litt drikke på Pressbyrå før eg gjekk ombord. SJ EuroNight til Berlin! Det kom på tida, og det var nesten ein time før avgong. Eg rakk altså å koma meg godt til rette før det rulla avgarde. Desse sengane er ikkje like gode som på Vy eller SJ Noreg, men etter ein lang dag så sov eg no godt alikevel. Eg vakna i 7-tida i Hamburg og byrja å jobbe over vasken. Toget var ein del forsinka til Hamburg, men ved hjelp av ein omveg så blei det likevel ikkje for seint inn til Berlin. På grunn av omveg via Hannover blei dette mitt lengste togstrekk målt i distanse! 975 kilometer.