# Berlin - Gøteborg
## Strekk
### Berlin - Hamburg
#2026/03/21 #DB
For eit tidleg tog! 05.42 frå Berlin hbf. Her har eg valt eit veldig tidleg tog for å koma fram relativt tidleg til Gøteborg.
Toget dro på tida og var nokså tomt. Stille og deileg tur.
### Hamburg - København
#2026/03/21 #DSB #DB
Her skulle eg eigentleg få prøve dei nye internasjonale vognane til DSB, men blei i staden møtt med gamle DB-vognar dratt av eit DSB-lok. Alle setereservasjonar var opphøyrde, så det var berre å finne seg plass. Skulle berre gjerne visst det før eg gjekk gjennom ei heil vogn for å finne eit sete som ikkje fantes.
På grenseovergongen blei to vaksne og eit barn på 2-3 år hevet av. På ei intern grense i Schengen! Tenk at væpna politi og forsvaret kjem og sjekker ID og hiver folk av. Fytti.
### København - Malmø
#2026/03/21 #Oresundstag
Ein kjapp tur over brua for å koma til Malmø. Öresundståg køyrar ikkje heilt til Gøteborg frå København denne dagen så vidt eg fant ut, difor blir det eit sjarmørstrekk rett over sjøen for å finne eit nytt tog.
Fant meg akkurat ein ledig plass eg fekk for meg sjølv over sjøen.
### Malmø - Gøteborg
#2026/03/21 #SJ
SJ Snabbtåg tek meg frå Malmø til Gøteborg, og det må eg kanskje fortsette med. God komfort.
Dette toget gjekk omvegen via Alvesta. Ein lang omveg som dobla normal reisetid. Dette på grunn av banearbeid som starta mellom Gøteborg og Malmø sidan [[Fyrste etappe av Berlin 2026|fyrste etappe i forgårs]].
Turen var elles komfortabel og roleg. Det var ingen stopp, fordi alle dei normale stoppa var berøyrde av arbeidet.
Dog løye med ein del lengre pausar langs strekket fordi togrt køyrde så kjapt at det måtte vente for å oppretthalde timetabellen.